Referat frå styremøte i Bulandet Grendalag og
Værlandet Vel
onsdag 18.august 2004
Deltakarar frå Bulandet
Grendalag: Heidi Kjempenes, Frida Melvær,
Randi Torvanger,Randi Fedøy, Jardar
Melvær, Arne Fedøy,
Kurt Rutledal.
Deltakarar frå Værlandet Vel:
Astri Thorsen Landøy,
Elin Blom Vesterås, Laila
Kråkenes.
Sak 1: Søknad om fondsmidlar.
Det er eit bygdeutviklings fond på ca. 17-18 tusen kroner for Bulandet og
Værlandet.
Søknad om pengar frå dette fondet for å dekke utgiftar i forbindelse med
vegfestivalen er sendt.
Det vert og søkt om at dei overskytande midlane i fondet vert delt mellom
Bulandet Grendalag og Værlandet Vel. Fondet kan då avviklast.
Sak 2: Oppsummering av vegfestivalenhelga.
Både Bulandet Grendalag og Værlandet Vel er godt nøgde med avviklinga av
vegfestivalhelga.
Alle andre tilbakemeldingar seier at sommarens vegfestival var særdeles vellukka.
Det har komme forslag frå Kultur og Næringssjef i kommunen om å arrangere ein
årlig festival, så han var nok godt nøgd han og.
Dei som var med å arrangerte vegfestivalen kunne og tenkt seg ein festival kvart år,
vist dei slapp å arrangere. Det blei mykje ansvar og arrangering på få hovuder.
Alle blei utlada når festivalen var over og orkar ikkje tenke på å setje i gong på nytt.
Men som vanlig vert alt stress og kav glømt etter ei viss tid, så ideen om årlig
festival vert nok teken opp att seinare, om enn kanskje i litt andre former.
Sak 3: Fylkesprisen : Det iderike
bygdesamfunn.
Fylket har sett opp ein pris for iderike og velfungerande bygdesamfunn. Prisen er på
25 tusen kroner.
Heidi frå Bulandet Grendalag og Astri frå Værlandet Vel sette seg ned og skreiv ein
velformulert søknad
på vegne av begge bygdesamfunna.
No har Fylket nominert 3 kandidatar, der Bulandet Grendalag/ Værlandet Vel er
ein
av kandidatane.
Fylket var og intressert i å vite om fleire moment rundt iderike bygdesamfunn som
hadde komme opp etter at søknad blei sendt.
Nye moment som ein kom på i farten var arrangementa til Njord Havkajakk klubb
og oppretting av heimesider for grendalaga.
Heidi og Astri skal hive seg rundt og sende nok ein velformulert begrunnelse om
kvifor vi her ute i havet fortjener den prisen.
Dei andre kandidatane var grendalaga i Vevring og Jostedalen.
Sak 4: Grendalaget sine
heimesider.
Det er starta ei heimeside for Bulandet Grendalag som har adresse:
Denne sida skal slåast saman med Værlandet Vel slik at vi får ei felles side som
viser kva øyane her ute i havet har å by på.
Korleis dette skal løysast skal Kurt frå Bulandet og Linda frå Værlandet finne ut av.
Sak 5: Nedbetaling av veglys
/ Innsamling til nye lys.
Etter at pengar frå tombola på vegfestivalhelga har komt inn er det 10 tusen kroner
igjen på dette lånet.
Da blei foreslege å betale inn dette lånet frå kontoen til Bulandet Grendalag.
Forslaget blei bifalt og lånet vert nedbetalt.
Sak 6: Hjartestartar (
Oppfølgingskurs).
Gunnveig Hillersøy har sagt seg positiv til å vere kontaktperson når det gjeld
hjartestartar og oppfølgingskurs.
Dato for oppfølgingskurs har det enno ikkje lete seg gjera å finne ut av, men det vert
i nær framtid.
Sak 7: Skilting av
trafikkfarleg veg.
Fleire plassar på vegstrekninga Værlandet – Bulandet er det mange barn som har
leikeplass og mange utkjøyringar med dårlig sikt. På strekninga finst det ikkje eit
einaste skilt som fortell om dette.
Teke i betraktning den store trafikkauken som har vært etter bruene blei åpna,
både av personbilar og tungtransport, så må ein få ei skilting av dei mest utsette
plassane. Enten skilt om fartsreduksjon eller skilt om ”Born Leikar”.
I verste fall må det komme på tale med fartsdumpar. Det er og fleire bergnabbar
som burde vært sprengt vekk for å få betre oversikt.
Konklusjonen er i alle fall at vegen enkelte plasser er svært trafikk farlig, utan at
bilistane vert varsla om det.
Sekretæren i Bulandet Grendalag skal sende brev til Fylket om betre skilting.
Det skal og undersøkast om det går an å få tak i fleire skilt som fortel bilistane at
”Born Leikar”, likt med det som står på Kjempeneset i Bulandet.
Sak 8: Alden
Værlandet Vel v/ Astri skal ta kontakt med Vorland i Askvoll kommune for å høyre
kva som foregår her.
Befolkningen i Alden har ikkje eit godt nok tilbud i dag, og etter kva Grendalaga
kan sjå er det heller ikkje framtidige planar som tilseier eit godt tilbud. Sånn kan vi
ikkje ha det.
Først og fremst må bebuarane i Alden ha eit transport tilbud som går an å leve med.
Så må ein og tenkje på at Alden er ein stor turist attraksjon i seg sjølv. Mange
turistar forespør ein tur til Alden, i dag er dei avhengig av flaks for å treffe folk som
kan frakte dei dit.
Ferja mellom Værlandet og Askvoll bør i framtida ha kviletid og liggetid på Alden
i stadan for Askvoll.
Ferja kan ikkje ha liggetid i Værlandet på grunn av at ferjeleiet der er for utsett for
vær og vind.
Sånn som det er i dag så er befolkningen i Alden blitt skadelidande for at Bulandet
og Værlandet fekk betre vegsamband.
Sak 9: Rydding av maritåmer i
sunda.
Møtet konkluderte med at her var det ikkje så mykje vi kunne gjere. I fylgje
Arne Fedøy så var det like gale om ikkje verre før i tida. Ein får berre leve med det,
og la propellane på påhengsmotorane ordne opp i det.
Sak 10: Gratis guiding om
sommaren. Kva gjer vi?
Det er kjekt med turistar og framandfolk som let vel over Bulandet og Værlandet
om kor kjekke omvisarar og folk dei treffer. Sånn som det er no så virkar det som
at eksterne reiseselskap forventar at folk stiller opp som gratis guidar på kort varsel.
Dette går nok bra ei stund før folk går lei.
At folk går lei er verken reiseselskapa eller vi her ute i øyane tjent med, så dette må
komme inn i meir ordna former. Anten må reiseselskapa ordne seg med eigne guider
som er med dei reisande, eller så må ein få til ei ordning mest faste betalte guider
her ute i øyane.
Kultur og Næringssjefen i Askvoll Kommune skal kontaktast om dette.
Sak 11: Eventuelt
Det kom opp eit spørsmål om kvifor bussen her ute ikkje hadde rabattordningar for
familiar og sånt, det er no vanlig andre plassar. Ingen skjønt kvifor.
Astri frå Værlandet Vel skal ringje Firda Bilag for å forhøyre seg om dette.
Ein annan ting som og må takast opp er skilting av buss stopp.
Så må ein presse på mot Firda Billag og Fjord 1 om å få like ruter kvar dag for buss
og ferje.
Sånn som det er no så er det mange, spesielt tilreisande, som bommar på vekedagen
og vert ståande å vente på ein buss eller ei ferje som aldri kjem. Dette er ikkje så
kjekt når mobildekninga i tillegg er så som så enkelte stadar.
Vi kan ikkje sjå nokon grunn til at rutetabellen skal vere forskjellig for yrkesdagar.
Sekretær i Bulandet Grendalag:
Kurt Rutledal