Referat frå møte i Bulandet Grendalag mandag 13.desember 2004

Deltakarar: Heidi Kjempenes, Frida Melvær, Randi Torvanger, Randi Fedøy,
Arne Fedøy, Kurt Rutledal.

 

 

Sak 1: Rekneskap - Oversikt over kontoane.

Halvparten av overskotet til Bulandet Grendalag etter revy festivalhelga får
Værlandet Vel for innkjøp av hjartestartar.
Uteståande lån for veglys er nedbetalt, og 20 tusen er sett av til nye veglys.

Sak 2: Kva skal vi bruke fylkesprisen til?

Prisen delast mellom Bulandet og Værlandet, bruksområde bestemmast seinare.

Sak 3: Kva gjer vi med ferjematriell?

Ingen veit noko sikkert, berre rykter. Det vert truleg Dalsfjord.

Sak 4: Bokbåten.

Det har komt forslag om å kutt i bokbåt tilbodet. Alle Grendalag i fylket er med på
eit opprop for å forhindre dette.

Sak 5: Innsamling til hjartestartar på Værlandet.

Bulandet Grendalag støtter innsamlinga og har gjeve halvparten av sitt overskot etter
revyfestivalhelga til innsamlinga.

Sak 6: Nordsjøløypeark.

Fylket har ein sum penger som er avsett til å videreføre Nordsjøløypa ut til Bulandet.
Søknad om midler er sent. Den praktiske gjennomføringa vert bestemt seinare.

Sak 7: Venterom/ toalett ved gamle ferjekai.

Venterommet/ toalettet ved ferjekaia står delvis på eigendommen til AS Nikøy og
delvis på grunn eigd av Vegvesenet.
Venterommet/ toalettet vert avvikla frå  Grendalaget og bygningane overteke av
AS Nikøy, utan at nokon utgifter vert belasta Grendalaget.

Sak 8: Eventuelt.

Veger som ikkje vert asfaltert så som kyrkjeveg og uteområde rundt kyrkja samt skule , kva gjer vi her?
Kanskje skal ein starte ei innsamling? Her må ein prøve å få hjelp til gode idear frå folk.
Nokon løsning har vi ikkje på sparket, men noko må gjerast.

Det blei og nevnt at kommunen er lite synlig i støtte til ulike saker som berører oss.
Støtta er nok der, men den er for lite synlig og for taus.

Sak 9: Atløysambandet.

Møreforskning held på med eit forskningsprosjekt der dei ser på fordelar/ulemper ved ulike alternativ
angåande Atløysambandet. I den forbindelse har dei fått ei liste over all næringsvirksomheit i Bulandet
og på Værlandet. Bulandet Grendalag er ikkje interessert i noko forslag som vil gjere reisetida vår lenger
eller gje færre ferjeavganger. Grendalaget kjem heller ikkje til å støtte andre forslag til ferjekai på  Atløy
enn på Vilnes sida. Utanom dette så støtter vi forskningen.

Sak 10: Nytt rutemøte – Kva vil vi??

Må være felles møte mellom Værlandet og Bulandet. Grendalaget går inn for at det er like ruter kvar dag.
I tillegg til sein ferje på fredag, må det og være sein ferje på søndag. Det må være buss til og frå alle
ekspressbåtar inkludert lørdag. Ein må få busskur og stoppskilt for bussen.

Ferja 14:30 frå Værlandet ( minus fredag ) går til Fure rett etter ankomst Askvoll.

Sekretær i Bulandet Grendalag:

Kurt Rutledal