EIT ALDRI
SÅ LITE REFERAT FRÅ VEGFESTIVALHELGA VÅR 2.-4. JULI
Fredag
2. juli.
Fredag
vart helga høgtideleg opna av Ordførar Steinsland under revyen:Nordsjøporten
" Ein GUIDA TUR".
180 personar benka seg i Bulandet ungdomshus og var eit strålande publikum
under den 90 min. lange revyen.
Her vart dei fleste problem tekne opp og meir eller mindre løyste. Alt frå
løgndetektortest av palekarane til besøk
av sjølvaste paven frå vatikane, ein lokal geisteleg ( Såkalla skrytepave) var
og på plass.
Vegvesenet, rallarkarane og bygdefolket , ja sågar eit par finnar var og
livlege innslag.
Jardar
Melvær var den lokale guiden og losa alle trygt igjennom revyen.
Det er bilete å finne både av guiden og paven som vart spela av sjølvaste
Webansvarleg.
Etter
Revyen varta Nordsjøkroa opp med Pubkveld med levande musikk av Pub-mix. Eit
flott arrangement.
Laurdag
3.juli.
Laurdag
starta dagen i Bulandet med regn og gråver, Dei fleste som skulle vere ute og
ha stend benka seg difor
inne i Fiskarheimen.
Her kunne ein finne det meste. Lokale og nasjonale kunstnarar selde alt frå
kvernsteinsmykker til hekla grytekluter.
Her kunne ungane få male seg som tigrar og kreative born selde heimelaga
lappar, natronkaker ,kaffi mm.
Fleire hundre menneske var innom fiskarheimen i løpet av dagen.
Heldigvis letta veret og det vart triveleg å vere ute. Redningskjøyta var på
plass, Luftambulansen demonstrerte
hjartestartaren som vart høgtideleg overrekt til bygdefolket.
Her vart det seld fiskesupe, nysteikte fiskekaker , baccalao mm.
Her var stend med gardsmat, Landøy stein, røykjelaks og gassballongar.
Kultur og næringssjef Per- Arne Tveit var konfransier og heldt styringa på det
meste.
Fiskekonkurransen vart vunnen av Even Norheim.
Kl. 17.00 forflytta vi oss til Værlandet der resten av festivalhelga fann stad.
Det starta med familiedans i Ungdomshuset.
Her fekk små og store utfolde seg både på dansegolvet og på scena. Det vart
seld kaker og kaffi, pølser og brus.
Pub-Mix spelte både bæ-bæ lille lam og kaptein Sabeltann til stor begeistring
frå små fans.
Om kvelden var det dans for dei vaksne. Her vart det seld kring 300 bill.
Dansebussen frå Bulandet var som
vanleg full både inn og ut.
Nydeleg ver var det og.
Søndag 4. juli
Søndag starta dagen i parken ved skulehuset på Værlandet, her var det
utegudstjeneste i praktfult ver
og i flotte omgjevnadar.
Presten var i strålande humør og snakka om misjon og mosjon. eller som han og
sa "Tru og trim".
Resten av dagen foregjekk på Værlandet der det var kafe i skulehuset, padling i
Gåsevatnet arr. av Njord
og open gard hos Eva Landøy.
Eg vil slutte meg til presten som sa
"Pikatre for ein nådedag".
Ei
fantastisk flott helg for både dei fastbuande og dei tilreisande. Litt av ideen
bak denne helga var å få markedsført
desse nye bruene og dei to bygdene våre på ein fin måte.
No var ikkje avisene særleg interessert i oss, vi var nok lite attraktive i
forhold til folkemusikkfestivalen i Førde,
men vi trur at dersom alle dei som var innom desse tre dagane fortel viare kor
kjekt og fint vi har det her ute,
så er det marknadsføring betre enn noko anna.
Takk
til alle som var med å laga ein flott vegfestival.
Helsing leiar i Bulandet
Grendalag: Heidi Kjempenes