Sommarsong

 

Tone: Å kjære sommar, ta med deg sola

 

Eg skulle skrive ein song om sommar
Og fange alt som er fint og kjekt
Men so kom nedbør og store flommar
Og laga krøll for mitt song-prosjekt
Men eg kan vente på betre tider
For det vert sikkert ein solskinsdag
Då skal eg sole meg på alle sider
Då vert eg brun som ein bjørn, pålag

 

Det er den draumen vi alle ber på
Det er dei syner vi ofte såg
Å søkkja alle problem vi dreg på
I lag med dreggen på ein stille våg
Så skal vi steikje den lyrepinnen
Som vi har dorga nett no i sta
Og halde kveldsmål og drikke vinen
Og prate godprat, og vere glad

 

Rolv Landøy, august 2011.


Stad Skipstunnel.

 

Tone: Grisen står og hyler.

 

Storm og uveir herjar mang ei vinternatt

Straumane i djupet gjer bylgja høg og bratt

Fuglane kryp saman på ein berge-knaus

Folket og er redde, for ”no er fanden laus”

Men, når vind og stormar hyler

Og havet står i kok

Er tida for å lese

Konseptutvalgutrednings-bok!!

 

Rolv Landøy, jan 2011.

 

Melodi Grand Prix

 

Tone: Du gamla du fria

 

Til tevling i Moskva vi sende ein mann,

han song slik at alle folk vart ville.

Vi jubla i taket då gullet han vann.

Men no må vi betale heile gildet.

 

Rolv Landøy, mai -09

 

Hurra for bassengnemnda!

 

Tone: Så går vi rundt......

 

Når sildeinnsiget no kom til vår kyst

var båtar og mannskapa klare til dyst.

Dei håva inn fangsten med liv og med lyst

og smilte og bukka og takka!

 

Men kva er det første som øyfolket treng?

Jau, det må vel være eit symjebasseng?

Og no ser det ut som det losnar med peng!

Budsjettet er spikra og trakka!

 

For mange år sidan eg trur at det var,

at damene starta med mini-basar.

Kvar einaste laurdag var bingoen klar!

Så varmt om bassenget dei snakka!

 

Rolv Landøy, mars 2009

 

Olav H. Hauge – 100 år i 2008.

 

Eg har filosofert litt omkring to dikt, ”Katten”, og ”Sleggja”.

 

Tone: Fjellveivisen.

 

Mellom alt som Hauge sa

mesteparten er så bra,

men so finst det vers so ikkje held på vatten.

For eksempel om du kjem

fram til hinder og problem,

må du ta og diskutere det med katten!

 

Om eg spurde katten so:

”Kva du meinar om oss to

kva slag nytte kan vi ha av ei sleggje.

Ho som berre stend der no?”

Katten ville berre glo

så eg måtte sikkert svare for oss beggje!

 

Rolv Landøy nov. 2008.

 

Skamklyppen mm!

 

Tone. Fjellveivisen.

 

Langt der vest om Aldefjord

har dei fiffa opp ein flor

der dei fikser fine festar for å feira.

Arbeidsgleda er så stor,

lat oss synge ut i kor

at vi gler oss over tiltakslysta deira!

 

Kurt’n sette seg so trygt

ned i stolen utan frykt

og let Skamklyppen gå laus med frie hender.

”Ditta e enj fine plasse,

eg ska kose meg enj masse

og eg finn ’kje beire stad kor eg meg vender!”

 

No har Lomheimen fått teft

av eit namn som hadde treft

midt i språkøyra, der slo det ned som lynet.

Og det gav slik atterljom

at han fann ein fin diplom

til å henge opp på veggen  - midt i synet!

 

Hurra!

 

Etterord:

 

Dagleg kamp på  Liv og lyst

om å fange Firda fyst

og så klyppe det som står om alle kjende.

Når eg legg avisa vekk

finst det kun ein lite strek

med ho Gyda og han Hårek attende!

 

Rolv Landøy, desember – 08.

 

Om skyting!

 

Skyting, skyting

i fjernsynet!

 

Filmar

utan skyting og dreping

fengar ikkje.

 

Kan nokon forstå

at ein ungdom

grip våpenet

og skyt

rundt seg?

 

Rolv Landøy, september 2008


Nordsjøporthelga, 5. juli 2008

 

Utgangspunktet er eit stev som før i tida var godt kjent her på kysten. Men det var litt grovkorna, så eg måtte pynte litt på det før eg kunne sleppe det laust!

 

Og kjerringa skulle fikse sin katt

og det skulle skje ei midtsommarnatt.

Men lukta var stram og tårene spratt

og hannkatten gjorde rundkast!

 

Og vegen fekk bære navnet Nordsjøporten

og feiringa det er skjære folkesporten.

Og alle som har gått på dansekurs er vorten

gode te å gjere rundkast!

 

Heidi Grande Røys ho var her i fjor
og lova ei pengemokke so stor.

Te info om hegre, kråke og skjor,

korleisne dei gjere rundkast!

 

Men då ho var reist, då kom ho i stuss

om ho ha forveksla minus og pluss.
Ho granska budgett og finlas på juss

ifall ho måtte gjere rundkast!

 

Kommunen er fattig og slapp forbi

Terra og deira fiksfakseri.

Men rike kommunar dei måtte svi,

no får dei ikkje gjere rundkast!

 

I kommunestyret dar e lærarane med,

Men dei e bere ute ette ro og fred.

Når skulane er rota bort og lagde ned,

då dansa dei og gjere rundkast!

 

Ved Myrevågen ligg ei spennande strand

med freda natur i bøtter og spann.

Og gøymespel i mellom tare og tang

Kan ende med å gjere rundkast!

 

Folketalet det går berre ne og ne

og barnehagen den må sikkert legge ned.

Noken må lære ungdommen te

å ikkje bere gjere rundkast!

 

Rolv Landøy

 

 

 

 

Poesi av Rolv Landøy

----------------------------------------------------------------------------

Kommentar til søppelproblematikken i Sørværet naturreservat. Juni 2008

 

Freda søppel i verneidyllen?

 

Sørværet vart regelrett rana frå oss,
sjølv om vi stridde og kjempa og sloss.
Her står vi og ropar i sinne og tross:

"Kva no når idyllen vert utskjemd av boss?

.......................................................................................................

 

Kommentar til Firda sin lesartur til Karibien 2008

 

Firda-folk på tur!

 

Tone: Eg ve sønge om min sorg.

 

Kor du vender deg og snur:
Skal du ut på luksus-tur,

må du brenne av ein diger klima-kvote.
Og på kjøpet får du med
kø og kluss i ny og ne

og bagasje som vert borte i alt rotet.

 

Skal vi berge vårt miljø -

sumarsol og vintersnø,

må vi kanskje til å snu litt om på flisa.

Gå ein liten luftetur

rundt i strøket der du bur!

Kanskje då vi slepp den store klima-krisa

 

Rolv Landøy, april 2008.

 

---------- 

Å vera.

 

Vera barn.

Vera ung.

Vera vaksen.

Vera eldre.

Vera gamal.

 

Same kva

eg er,

så er eg

glad for det!

 

Rolv Landøy, jan 2008.

 

Vindstille.

 

Bylgjer

i graset.

 

Bjørka

svagar

i vinden.

 

Å takle

utfordringane.

 

Tre dagar

med

vindstille

er nok.

 

Då kriblar det

i kroppen.

 

Rolv Landøy jan 2008.

....................................................................................................

Naturiststrand i Myrevågen? Nokre tankar om alt som skjer no for tida.

 

Tone: "Mellom bakkar og berg"

 

Mellom bakkar og berg kan det hende
at det fins ei forlokkande strand.
Der dei avkledde karar og kvende
sleiker sol og stikk føtene i sand.

 

Ja det er eit ufatteleg under
korleis allting vert endra og snudd.
Før var livet eit slit og eit plunder.
No er alt berre stokka og skrudd.

 

Mine tankar i kjærleik eg sende
til dei gamle som no er gått bort.
Tenk om dei kunne sjå seg attende.
Ja, eg spør kun, og undrar meg stort.

 

Rolv Landøy, sept 2007

-----------------------------------------------------------------------------------

 

"Skrik"!

 

Det var ein vakker , liten "skurk"

som fekk planta ein agurk

Då ho etterlikna Munch-måleriet.

Firda slukte agnet rått,

det fungerte veldig flott,

til og med det kjempestore "dementiet".

 

Mange syns det er eit bal

å ta standpunkt i eit val.

Ein vert møka lei av kjendishysteriet.

Redaktøren gjorde rett,

han sa: "Stopp og full retrett,

skriv no heller om ""det store mysteriet""

 

Rolv Landøy aug-07.

-----------------------------------------------------------------

Om å gifte seg ute!

 

Tone: Ve du gifte deg Anna (slåttestev)

 

Ve du gifte deg inne

du som elskar ei kvinne?

:/Høyre orgelbruset

Inni kyrkjehuset

Der du lukka kan finne:/

 

Ve du gifte deg ute

Høyre vindane tute?

:/hastig som ein hare

Under granebaret

Berre våren er i rute:/

 

Rolv Landøy

-----------------------------------------------------------------


Nyttårstankar om rikdom og armod

 

Nøkternt levesett

prega

forfedrane

og mødrene.

 

Dei gledde seg

over

det daglege brødet.

 

Når ”budgettet”

balanserte

var det storveges.

 

Så auka ikkje

gjelda

det året,

i alle fall.

 

Dei siste

femti-seksti åra

har velstanden

auka sterkt.

 

Eller eksplodert.

 

På ein enkel dag,

den tjuetredje

desember

totusen og fire,

 

handla vi

for svimlande

to komma fem

milliardar kroner.

 

Så er vi vel rike?

 

Nei!

 

Barnearbeidarar

i utviklingsland

må få opp farten.

Produsere

billegare varer,

 

slik at

vi

får råd til

større TV-skjermar

og fleire

sydenreiser.

 

Rolv Landøy

 

-----------------------------------------------------------------

Aktiv flyktningepolitikk!

 

Ta styring!

Splitt!

Hersk!

Vis musklar!

Set småborna i bur!

Send mødrene til pokkers!

 

Men store sterke

mannfolk

med advokatar,

er vanskelegare

å handtere!

 

Rolv Landøy

2005.



-----------------------------------------------------------------
Sandøyprosjektet:

(Nokså fritt etter Jacob Sande)

Eg veit ei øy
hesja av hav og strie stormar
strandsona rekk like til toppen
No, eit ferieparadis for feriefolk
ved steingrå strand.

No fekk eg vite
at i ferieparadiset kan ein ikkje bygge
eit feriesenter på lovleg vis.
Sei meg, kva er lovleg no
ved steingrå strand?

Eg veit eit folk
barka i kamp mot eit kronglete regelverk
Bøtter med humør held motet oppe
so dei kan reise seg, på ny, på ny
for livsens svolk.

-----------------------------------------------------------------

 

Bulandet
Tone: Mellom bakkar og berg

Kring på holmar og skjer i Bulandet
grendafolket har funne seg ly.
No vil rikfolk frå resten av landet
pressa prisane høgt opp i sky!

Med eit forbud å byggja langs stranda
må vel prisane gjere eit hopp.
Og det minkar med plass i Bulanda
dersom alle skal hundre meter opp!

 

-----------------------------------------------------------------

 

Min generasjon

fekk sjå

utviklinga,

oppleve velstanden.

 

Lat no

ikkje

egoismen

og kravmentaliteten

ta styringa.

 

Kor ber det då hen?

 

Rolv Landøy 2006

 

---------------------------------------------------------------------

 

Hansakatten

 

Sorg på øya

stille

rundt

katteliket

 

Eplekasse

gravearbeid

blomar

høgtid

 

Ein song?

"Vi tar

en rungende"

 

Minnestund

rørde blåbær.

Nøgde sukk

frå "prest" og "klokkar"

 

Etter ei hending på Landøy, Værlandet, ca 1955.

 

Rolv Landøy 2006

 

 

 

Bulandsfiskarar på nye jaktmarker!

 

(Firda 24/11-06)

Tone: Mens Nordhavet bruser.

 

Då kvoten var fiska og båten i trim
og ingenting meir var å gjera
gjekk Tore og mannskapet heilt i spinn
og sparka på småstein i fjæra.
Då kom eit rykte og det klirra i glas
og alle tykte det var mykje til stas!

 

Så kasta dei loss og så stevna dei ut
der Tore som oftast får tenning.
Dei leika: "kor peika den flasketut"
ein uvant geskjeft for ein bulenning.
Men tenk, så gjorde dei eit kjempekast!
Det er nye tider kan vi trykt slå fast!

 

Rolv i Vorneset.

 

Rolv Landøy 2006

 

 

 

Helsebudgett 2006!

 

Klart

at dei kan

springe

fortare!

 

Og så

slanke

som dei

blir!

 

Men

kven

inkasserar

premien?

 

Rolv Landøy 2006

-------------------------------------------------------------