Styremøte i Bulandet Grendalag 1. november 2005
Stad: Bulandet skule
Møtet starta 20.05
Til stades:
Heidi
Frida
Eva
Arne
Anne Britt (skrivar)
Saker:
1) Kulturprisen 2005
Vi vil i år foreslå to gode kandidatar:
Jardar Melvær og Asgeir Torvanger.
Jardar har vore ein viktig støttespelar
for Bulandet i ein mannsalder. Han er aktiv og
samfunnsengasjert og seier aldri nei når noko skal gjerast til beste for bygda.
Han var ein stor pådrivar for å få bygd vegen mellom Værlandet og Bulandet. Har
vore
aktiv både i politikk, grendalag og Temaparken. Sit i styret for Kystmuseet,
har skrive
tekstar til sogehefte, øyhoppingsheftet og mykje anna. Har heldt eit uttal
kåseri og talar
og vore mykje brukt som visevert. Har ufatteleg mykje kunnskap om lokalhistoria
vår.
Asgeir kom til Bulandet som lærar i 1982
og har frå første dag vore ein pådrivar for
både barne- og vaksenidrett. Spesielt for fotball og volleyball. Han leier
sjølv fleire
treningar i veka. Han har i mange år vore i styret i idrettslaget.
Søknadsfrist er 10. nov. 05
2) Heimesida
Heidi har sendt søknad til kommunen om
5000 kr i kulturmidlar. Den blir behandla
i slutten av november.
Heimesida treng framleis meir pengar til
drifta. Det bør skrivast eit generelt tiggarbrev
til lokale bedrifter.
3) 17. mai komiteen har gitt kr 8500,- til lydanlegget som Grendalaget har kjøpt.
4) Studentar frå Ås held på å lage ei
reiselivsoppgåve om Værlandet og Bulandet.
Dei har sendt ei liste med spørsmål
dei treng svar på. Heidi spør Liv Turid Gjørøy og Lene Gjelsvik om dei kan
hjelpe.
5) Fylkesprisen for Idérike bygdesamfunn.
Vi fekk den saman med værlandet i fjor.
Søknadsfristen går ut i dag, så det er litt seint å skrive ein god søknad.
Meiner at Dale
kunne ha vore ein god kandidat.
6) Skottlandsbesøk. Returvisitt i
månadsskifte nov/des. Heidi skal snakke med Per
Arne Tveit om kva vi kan bidra med.
7) Rutesituasjon
Vi veit lite om kva som skjer. Ruteplanen
var oppe i kommunestyret sist fredag.
Heidi, som var på møtet, føler at kommunen ikkje har presisert godt nok i
brevet dei
har sendt til fylket, at rutetilbodet til Alden og Sandøy må oppretthaldast, og
at det
må opprettast korrespondanse med alle bygdene dersom ekspressbåten skal ha ein
tidleg morgonavgang.
Vi vil også be kommunen skrive søknad til fylket om dei kan klage på vedtaket
der vi
ikkje vart klassifisert som riksvegsamband.
Dette er spesielt viktig no når det er snakk om at det kan bli gratis ferjer på
riksvegsamband.
8) Tore Hillersøy har invitert
fiskeriminister og samferdsleminister ut her.
Heidi skal snakke med Tore for å høyre meir om det.
9) Teknisk utval har sagt nei til at Anne
Britt S. og Steinar Rutledal kan få kan bygge
veg fram til sjøtomtene sine. Grendalaget synest det er for gale og vil støtte
anken.
10) Grendalaget har sendt brev til
Miljøverndepartementet der dei påpeikar faktiske
feil i brevet frå direktoratet for naturvern (DN), der DN støttar motsegna frå
fylkesmannen.
11) Grendalaget vil kjøpe eit stempel
12) Det var tidlegare snakka om at
Værlandet og Bulandet kunne få vere med i eit
forskingsprosjekt. Frida skal snakke med Linda om det framleis er aktuelt.
13) Nordsjøporthelga 2006. Då skal Bulandet
ha familiedagen på søndag. Snakka litt
om korleis det kan gjennomførast.
Frida og Anne Britt skal kalle inn andre lag og bedrifter til møte om kva vi
kan få til
den dagen.
Møte slutt 2145