Siri
Solberg fyller opp ferja med dårlege ryggar. Venterommet brukar ho til
kunstutstillingar.
Publisert: 27.
apr. 2004, 06:00
Oppdatert: 26. apr. 2004, 20:34
TERJE ULVEDAL
Folk kjem frå Bergen og Breim, Florø og Førde,
Hyllestad og Høyanger. Til Bulandet vest i
havet for å få behandla ryggane sine.
- Det går godt an å drive praksis som kiropraktor på
ein stad som Bulandet. Men eg har
sjølvsagt ikkje slike ambisjonar som då eg starta eigen klinikk i Bergen, seier
Siri Solberg.
Ho tok spranget først på 90-talet. Først som
vekependlar i to år. Så - i 1994 selde Siri Solberg
sin eigen praksis, flytta permanent og opna kiropraktorklinikk i øysamfunnet
som då talde
drygt 200 sjeler.
- Det var ein gammal idé. Eg gjekk på gymnaset på Eid, og fekk ei
venninne frå Bulandet som
eg var med heim. Eg blei så fascinert av landskapet.
Kultur og natur
Siri Solberg behandlar pasientane med tradisjonelle kiropraktorgrep, men også
med kultur,
natur, fred og ro.
- Psyken og fysikken heng saman, proklamerer
«ryggdoktoren».
Venterommet brukar ho til kunstutstillingar. Denne
våren heng måleria til bergensaren
Olav Jacobsen på veggene. I utstillingsmontrar står arbeid av den lokale
keramikaren
Dina Norheim. Og frå bokhylla kan du plukke fram Inger Hagerups samla dikt,
«Skagens malere»
eller Jan Sschwarzotts «Under Storen».
- I vårt rastlause samfunn gjer kunst noko med
menneska, sinnet blir løfta. Og så påverkar naturen,
stilla her ute. I Bergen kom pasientane springande frå jobb og sprang tilbake
til jobb. Når folk kjem
til Bulandet, veit dei at dagen går. Nokre må overnatte. Det blir mindre
stress, eit avbrekk der dei
får tid til seg sjølv.
Siri Solberg meiner ho kan måle resultatet av kultur
og natur direkte av i behandlingstid.
- I gjennomsnitt treng eg færre behandlingar på
klientane her, enn det eg gjorde i Bergen.
Greidde ikkje sitje
Ivar Hetle skal på benken. Han har køyrt nesten i to timar frå Gloppen til
Askvoll, sete ein time på
ferja til Værlandet og køyrt nyvegen over seks bruer til Bulandet. No ventar
kveldsbehandling av den
vonde ryggen, overnatting i rorbu og ny time neste morgon før han set seg i
bilen og køyrer heim.
Etter ei trafikkulukke for snart 20 år sidan, har
bilseljaren med eige firma i Breim slite med ryggen.
I fjor sommar blei det skikkeleg gale.
- Eg greidde verken å sitje eller stå i ro. Og så
blei eg svimmel. Det var meir enn ein gong at eg
heldt på å gå i bakken medan eg snakka med kundar, fortel Hetle.
Han bestemte seg for å gjere alt for å bli så bra som
mogeleg så raskt som råd. Han kunne valt
å gå til behandling i Eid eller Førde, men fekk tips om at av alle stader så
var det ein kiropraktor
på Bulandet med godt ord på seg. Det resulterte i første overnattingsturen i
fjor haust. Seinare har
det blitt bulandsferder med ein dryg månads mellomrom. Og fleire skal det bli,
for dette har hjelpt.
- Første gongen var utruleg merkeleg. Siri sa ho
hadde opna ein del kanalar, og at eg ville kjenne
det. Og det gjorde eg verkeleg, det var vibrasjonar i heile kroppen.
Skipper på eiga skute
Kiropraktoren i havgapet meiner det norske helsevesenet er for passivt. Over
ein kaffikopp mellom
kunsten på venterommet og utsyn til eitt av hundrevis tronge sund i øyriket,
snakkar ho seg varm om
at helsevesenet må bruke pasientens ressursar i større grad. Folk må
inspirerast til å ta tak i eigne
problem:
- Greier vi ikkje det, vil helsestellet ruinere oss.
Det var ei tid då piller skulle hjelpe mot alt. Heldigvis
er det i ferd med å snu. Helsevesenet kan ikkje fikse alt. Pasienten må bli
skipper på eiga skute.
Siri Solberg meiner halvparten av behandlinga av
rygglidingar ligg på informasjon. Om sitje- og
arbeidsstillingar, om trening og mosjon. Ting klienten sjølv må gjere noko med.
- Svært mange av belastningsskadane folk får,
skuldast livsstil, seier Solberg, og får støtte av
pasienten frå Breim:
- For meg har det vore å tilpasse livssituasjonen
etter kroppen, nikkar han, og fortel at han kutta
jobben fullstendig då ryggen var på sitt mest vrange i fjor. No er han tilbake
i full vigør.
Turistar og fiskarar
Som kiropraktor vest i havet blir det mange historier og anekdotar. Som
turisten frå Askøy som
fekk akutt ryggplager då ho steig i landet på kaia, for deretter å oppdage at
det var ein kiropraktor
ein liten spasertur unna. Eller om fiskeskipperar som ringjer på veg inn frå
feltet, og lurer på om
dei kan komme til ein gong dei par timane det tek å losse.
- For å drive som kiropraktor her ute må du vere
fleksibel, seier Siri Solberg.
Av og til kjennest det som ho er like mykje i
reiselivsbransjen. For å få folk til Bulandet kan vere
eit puslespel. Før var det å samle ein gjeng på båten og hente dei på kaia. No,
etter at vegen kom
mellom Værlandet og Bulandet, blir det å gjere det same med ferja og bussen.
- Eg brukar å seie at første gongen dei kjem ut her
kan dei køyre sjølv. Men etterpå må dei ta
bussen. Vi må jo støtte opp om det vi har av tilbod.