KULTURPRISEN TIL TEMAPARKEN I BULANDET
28.04.2004 11:33


Askvoll kommune sin kulturpris for 2003 gjekk til Temaparken i Bulandet!
Kulturprisnemnda har lagt vekt på kvaliteten på utstillingane og formidlinga av
lokal historie og kultur.

 

Det kom inn framlegg om ei rekke gode kandidatar til kulturprisen 2003. 
Askvoll kommune sin kulturpris for 2003 g
וr til Temaparken i Bulandet. Prisen vert delt ut på
kommunestyremøte 30. april, og består av kr 5000,- og ein flott diplom med akvarell av
Elisabeth Harr.

Temaparken i Bulandet har vorte ein attraksjon for turistar, og inngår som ein del av tilbodet på
"øyhopping Solund- Bulandet" i sommarsesongen. Arbeidet i temaparken har ei solid forankring
i bygda, og det vert lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid for
ו drive parken og utvikle nye
utstillingar.

I samband med opning av "Nordsjøporten", vegsambandet mellom Bulandet og Værlandet,
arbeider temaparken med ei utstilling om samferdslehistoria på øyene så langt attende som
ein kjenner den og fram til i dag. Her er det bilder frå det krevjande arbeidet med bruene på
nyvegen og modellar frå typiske miljø og arbeidssituasjonar opp gjennom tidene. Tidlegare
er både krigshistorie og kystkultur godt dokumentert.

Ved tusenårsskiftet vart det laga ei fotoutstilling av alle innbyggjarane i Bulandet, samt at det
vart dekka flotte bord frå ulike tidsperiodar.

Dette er tredje gong kulturprisen i Askvoll vert delt ut. Tidlegare har Holmedal Ungdomslag (2001)
og Alvar Tryti (2001) fått prisen.

Frå vedtektene for Askvoll kommune sin kulturpris:

"… Askvoll kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris til kandidatar som har utmerka seg innan
kulturlivet over tid. Kulturprisen skal vere ein stimulans til kulturlivet i kommunen, og vert delt ut
for særleg innsats…."