Minnesteinane.
Det er reist nokre steinar rundt om i vårt land,
over dei som kom bort då vår jord stod i brann.
Ein gravstein står helst der den døde ligg,
men ved minnesteinen er det ikkje slik.
Dei døde ligg oftast langt borte ein stad,
fordi dei døydde langt heimanfrå.
Seks namn minnesteinen på Værlandet ber,
Knut var ein fange i Falkensee,
og i Sachsenhaus fann han evig fred.
I konsentrasjonsleir så mangt kunne skje,
det vart heimsendt ein pakke med fillete kle.
Harald let livet i Natzweiler,
oska vart utstrøydd i trappene der.
Asbjørn, han hamna i Deautmergen,
der ebba livet hans ut litt om senn.
Desse tre mista livet i fangenskap,
for Værlandet/Bulandet var det eit tap.
Så har vi dei som drog ut frå vår strand,
for å finne ein fristad i framandt land.
Først døydde Nordlands/Værlendingen Kåre,
torpedert i Atlanten med skip "Annavore".
Den gongen var Torleif også med,
ein av dei redda då førti gjekk ned.
Vemund sat bak ei flykanon,
Då han nådde fram til sin siste stasjon,
ein stad i havet vestanfor Utvær,
hans Sunderland-fly gjekk i havet der.
Bernt drog til Shetland med "Soløy"-gavl.
på turen dit fekk dei mang ein skavl.
Han fekk hard-trening i ei kommandos-her,
men fall då dei storma Capelsh Veer.
Tryggve var ute med mine-paravane,
Dei trur det var mine som valda hans bane.
Då var just fredsklokka klar til å kime,
han døydde i krigens nestsiste time.
Likevel, i dødstal har vi berre små rasjoner,
lite mot dei mange russ -og jødemillionar.
Minnesteinen ber ein bodskap om å alltid stå på vakt,
ein diktator vil vel kanskje bruke deg til å få makt.
Desse steinane skal tala: Slikt må aldri meir få skje,
set dei friske, gode krefter inn i arbeidet for FRED.
Skrive av Sverre J. Landøy.