Referat frå årsmøte i Bulandet Grendalag  9. mars 2005

Deltakarar frå Bulandet Grendalag: Heidi Kjempenes, Frida Melvær,

Randi Torvanger,Randi Fedøy, Reidun Melvær, Arne Fedøy,

Kurt Rutledal.

Frå kommunen: Per Arne Tveit.

 

23 møtemedlemmar utanom styret.

Innkalling og saksliste blei godkjent.

 

Sak 1: Årsmelding

Heidi les opp årsmelding frå 2004.
Årsmeldinga vart godkjent utan protester.

 

Sak 2: Regnskap.

Randi presenterte regnskapet.

Det såg fint ut. Veglysa er nedbetalt og 20 tusen er øyremerka nye veglys.

 

Sak 3: Ruter og ferjematriell / Alden

Frida fortalte frå eit rutemøte ho hadde vore med på.
Det var generelt mykje velvilje, men da skorta på pengane. Skulle ein få fleire

ruter so måtte ein kutte andre plasser.
Det skal være eit nytt samferdselsmøte 16. mars der både kommune og grendalag skal
være med.

 

Sein bussruta på tirsdag og torsdag koster ca. 25 tusen og vil nok antageligvis
gå i orden, men ein mangler sjåfør.
Lørdagsruta vert nok ikkje endra p.g.a. kostnader.

 

Godsruta ville dei kutte frå 3 dager i veka til 1 dag. Dette kan sjølvsagt ikkje godtakast.

Firda Bilag og Fylket skulle her ha eit oppgjør på kammerset, og dei som var på møtet

har god tru på at dette går skulle gå fint utan kutt.
Det er ellers altfor dyrt å sende gods, ein må prøve å få til eit godsdepot på Værlandet.

 

Ferjestrekninga Askvoll – Værlandet skal ut på anbud. Det er lovt at ein her skal ta

hensyn til overbygd ferje, salong oppe og fart.
Det er viktig å forhandle fram bedre rutetilbud før anbudet vert lagt ut.

 

I oktober skal det avgjerast om ekspressbåten til Bergen skal få ein tidlegare avgang

om morningen. Då vil i tilfelle båten gå frå Askvoll i 7-tiden og ein vil være i Bergen

sånn ca. 0930.Vert da slik tidlig avgang må ein ha korrespondanse med ferja og det

igjen medfører at ferja må ha liggekai, som då må være i Alden.

Utan slik liggekai vert da dårlig kommunikasjon til Alden i framtida.

So har ein da at desto større ferje vi ynskjer, desto vansklegare  vert da for ferja  å

komme opp i Alden.

 

Austrheim kjem antagligvis attende etter påske.

 

1. mai vert da endringer i ferjerutene.

Onsdag og fredag vert da sein avgang 21:45 og mandag/onsdag/fredag vert avgangen

midt på dagen endra til 12:45

Da var ynskelig frå FSF å få ein seinare avgang søndag morgen, dette fordi dagens

avgang var lite brukt. Vi ynskjer det sånn som det er i dag då teorien er at folk ikkje

har blitt vand med at da går an å ta seg ein søndagstur til fastlandet enno.

 

Sak 4: Profilering av Bulandet.

Det er laga ein presentasjon av Bulandet i eit program som heiter Power Point.
Denne presentasjonen er vist på eit møte i Askvoll, der alle grendalage i kommunen

skulle profilere seg sjølv. Inntrykket er at Bulandet Grendalag kom svært godt ut av det.
Presentasjonen blei vist på årsmøtet og dei frammøtte syntes å like det dei såg.
Med nokre små justeringer vil dette verte ein presentasjon som kan visast ved alle høve
der Bulandet har eit presentasjonsbehov.

 

Sak 5: Festivalhelg til somaren.

Første helga i juli skal da være festivalhelg igjen. Da vert over same lest som i fjor,

om enn i noko mindre skala. Da vert marknad, dans og sånt. Revy vert da ikkje, men ein

skal prøve å organisere ein eller anna ”stå-opp”-komikar.
Endelig program vert gjordt offentleg seinare.

Sak 6: Kommuneplan.

Da er snakk om at kommunen skal lage ein kommunedelplan, men berre dersom

alle velforeningane er einige. Ein arealplan eksisterer allerede, og der er heile Bulandet

eit LNF-område. ( Husker ikkje kva eit LNF-område er i farten, men da er skumle greier)

 

Ein kommunedelplan gjeld mindre område innanfor kommunen. Her kan ein avsette

område som skal nyttast til boligbebyggelse, næringsbygg og hyttebebyggelse.

Då kan ein få på papiret i kva område ein kan byggje utan å bruke eit halvår på å

krangle om 100-meters grensa først.
No synest det og noko tilfeldig korleis saker vert handsama, nokon må betale i dyre

dommer  for å lage private reguleringsplaner mens andre slepp.
Skal kommunen lage ein sånn plan må ein vite nøyaktig korleis ein vil ha da på

forhånd, da er vanskelig å snu når ballen først har begynt å rulle.

 

Sak 7: Sandøy prosjektet.

Kommunen vil gjerne ha dette prosjektet, men Fylkesmannen har komme med motsegn.

5. april skal da være mekling mellom kommunen og Fylkesmannen. Vert ein ikkje einig

her  så går saka til miljøvernsdepartementet.

Noværande miljøvernminister kjøyrer ei steilare linje i sånne saker enn forgjengerane.

 

Per Arne Tveit skal prøve å få til eit fagseminar i Bulandet med miljøavdelinga hos
Fylkesmannen. Da hjelp kanskje på forståelsen av saker og ting vist dei aktuelle

myndigheiter kjem ut i distrikta og får sjå på tilhøva og snakke med lokalbefolkningen.

 

Sak 8: Fylkesprisen for iderike bygdesamfunn, kva skal vi bruke prisen til.

Prisen på 25 tusen bør nyttast til noko som har felles nytte for Bulandet og Værlandet.

Gode forslag mottakast med takk.

Ein tanke som kom opp på årsmøte var at pengane kunne nyttast til eit lydanlegg som
kan brukast av alle lag og foreningar som trenge da.

 

Sak 9: Løypeark for Bulandet / Nordsjøløypa.

Anne Britt Sandøy held på med brosjyre og ho orienterte om sakenes tilstand.

Utkast nummer 8, eller so, er klar. Ho viste utkastet og alle var samde om at ho har

gjordt ein god jobb.
Da skal være merka løype frå Myrevågen til Halsøyhågen, med avstikkarar til

Melværrånane og til Gjørøyklettane.
Skilt er bestilt og dei kjem opp etter påske. Idrettslaget skal stå for dette.

Infoplakat som skal henge på Værlandet og Bulandet skal og lagast.

 

Sak 10: Valg.

Randi Torvanger står til valg og ho vil helst sleppe å være med lenger.
Ho fekk aller nådigst sleppe og Anne Britt Sandøy tek over etter Randi.

 

Sak 11: Heimesida vår.

Heimeside vert oppdaga av stadig fleire og er mykje nytta av både lokalbefolkning

og andre. Heimesidemakar Kurt orienterte litt om framtidsplanane for sida.

Planane er no å halde sida kontinuerlig oppdatert. Den vil og verte utvida med lydfiler,

og bildefiler når so langt kjem.
Det vert og jobba med å få fleire sponsorar.
Da kom forslag om at heimesideskrivaren skulle få 2 tusen kroner fra grendalaget til

å dekke utgifter til internett og liknande. Det var folk einig i og sekretæren i grendalaget

var ekstra einig.

 

Sak 12: Eventuelt.

Per Arne Tveit orienterte om mykje og mangt, så som:

 

Cruiseanløp i Bulandet skal starte i april. Da er ikkje avgjordt om båten skal ligge her

om natta. No er torsdag frå 1800 til 2000 sett opp.

Ellers er da ikkje noko opplegg for turistane når dei kjem, ein må prøve å få til eit tilbud her.
”Kystopplevelser” i Narvik har opplegget og har og laga katalog. Men da er ikkje noko

bilde frå Bulandet i katalogen, og da bør ein få ei forandring på.

 

Breibånd er på gang. Enivest har lagt ut breibånd i Askvoll og Holmedal, resten skal

leggast ut på anbud. Då vil da ta litt meir tid, men ein reknar med at da skal være fullt

utbygd i løpet av 2006.

 

Øyhopping vert da i år og mandag, tirsdag og fredag. Øyhopperane skal få servering i

Bulandet, Gunnlaug skal lage ”øyhoppar-suppe”. Inngrediensane kjem til å bestå av fisk

og ikkje øyhopparar.
Ein reknar med at det vert endå fleire øyhopparar i år enn i fjor.

Kinareiser held på å byggjast opp. Dei skal rutast til hotell via øyhopping, så her er da

potensiale til mykje nye turistar.

 

Askvoll kommune held på med eit profileringsprosjekt. Eit designbyrå har oppdraget.

Alle velforeningane har presentert seg for for kommunen og designbyrået.

Det er penger frå  pilotprosjektet som nyttast til dette.

 

Det er ein pott på 250 tusen kroner for å bevare kulturlandskapet som delast ut kvart år.

Pengane skal gå til rydding av beite, gjerde, restaurering av bygningar og liknande.

Da er berre å søkje for dei som føler behov.

 

Roald Skår har komme med innspel og å lage ei CD plate som ein kan spele av på ferja,

der ein får informasjon på høytalarane om kva ein ser og slikt.

 

Bygdeutviklingsprogrammet, her er søknadsfrist 1.april.

 

 

Sekretær i Bulandet Grendalag:

 

Kurt Rutledal