Er du interessert i å lære førstehjelp og kanskje bli med i Askvoll Røde Kors sitt Hjelpekorps?

Askvoll Røde kors er no i gang med å rekruttere nye medlemmar og fleire aktive til Hjelpekorpset.

Hjelpekorpset er ei avdeling av Askvoll Røde Kors og vart starta i 1978. Som dei fleste frivillige lag har vi hatt både opp-og ned-turar.

For tida har vi ikkje eit operativt hjelpekorps, men dette er vi i gang med å bygge opp att. Vi treng derfor fleire frivillige som kan ta grunnopplæring i førstehjelp. Dette er eit krav for at vi kan rykke ut ved leiteaksjonar, søk på land og sjø, og ved katastrofer. Kravet er at vi må ha godkjent utdanning for å være kollektivt forsikra ved aksjonar.

Tysdag 21 august kl. 19.00 vert det informasjons/orienteringsmøte på STORSTOVA på Askvollheimen.

Her kjem Stian Antonsen , som er leiar for hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane . Han informerer om  grunnopplæringa og viser lysbilete frå  Hjelpekorpsøvingar på Nesholmen.

Onar Osland,  vil gje opplæring  i førstehjelp.Han har vore aktiv hjelpekorpsar og er no ambulansearbeidar.

Kan dette vere noko for deg ? Kom og bli med, det er ikkje bindande på nokon måte. All opplæring er gratis. Askvoll Røde Kors arrangerer 30 timars førstehjelpskurs over to helgar i sept/oktober. Desse kursa vil bli lagde til Askvoll.

 ASKVOLL RØDE KORS