Alle er hjarteleg velkomne til
BOKSLEPP
for bind II av "Havfolk og fjordfolk", allmennsoga for Askvoll.
Tid: laurdag 29. oktober kl. 14.00
Stad: Askvoll fjordhotell
Forfattaren presenterer og signerer boka, og det vert lettare servering. Boka
kostar 498,-
Bind II av "Havfolk og fjordfolk" tek føre seg historia om Askvollområdet (alt
innanfor dagens kommunegrenser inkludert) frå omkring 1860 og fram til i dag.
Her er mykje spennande stoff, og vi tek med nokre døme:
- Sildefisket – frå svartåra i 1870-åra til nye eventyrtider i 1930-åra. Boka
inneheld bl. a. ei komplett liste over fiskebåtar over 50 fot heimehøyrande i
Askvoll.
- Jordbruket og utviklinga frå hesteslåmaskin til rundballepresse. Les blant
anna om Johan Schumann si forsøksdrift med avl av svartfjessauer i Alden.
- Framveksten av industri: bl. a. Stongfjorden, bygda som blei bygt opp som ein
"company town" av British Aluminium Co. Visste du elles at det var planlagt eit
tredje teglverk i Straumen, i tillegg til dei to i Vårdal og på Helle?
- Den første bilismen – drosjeeigarane Oskar Ask og Ole Borlaug. Boka inneheld
ei komplett liste over alle bilar, traktorar og motorsyklar i Askvoll fram til
1950.
- Andre verdskrigen – om tyske festningsverk i Askvoll og sivil og militær
motstand, og om lokale folk som hamna i NS.
- Politiske stridar i etterkrigstida – til dømes kaistriden i 1950-åra, som vart
viktig for utforminga av Askvoll sentrum.
…og mykje mykje meir…