Invitasjon til JONSOK CUP i Bulandet

laurdag 18. juni-11 kl. 15:00

 

Bulandet Idrettslag inviterer med dette til årets første fotball cup + ny  «happening» for øyafolket på fotballbana i Bulandet den 18. juni, med mykje moro, fart og spenning! :-)

 

Vi  ynskjer først og fremt å invitere bedrifter/næringsliv og lag/organisasjoner i Bulandet og Værlandet til å stille med lag, men det er lov å være kreative her ;-)

 

Vi stiller ein del kriterier for lag som vil delta:

-         6 spelarar på kvart lag med evt. 1 innbyttar.

-         Må være mixa lag med minst ein spelar av motsatt kjønn på laget (ikkje reine gut/jente eller herre/dame lag :-) - dette kan bli spennande!

-         Skal spele i drakt eller kostyme som ”matcher” kvarandre (gjerne arbeidsantrekk :-)

-         Spelarane kan vere i alder frå 8. klasse og oppover.

-         Ei stor bedrift kan stille med eit eller maks to lag.

-         Ein må gjerne stille med eit ”tulle-lag” med utgangspunkt i eit tema. (Her er det berre å bruke kreativiteten!! :-)

-         Kvart lag må ha ein lagkaptein (som er merka på ein eller anna måte ;-)

-         For små bedrifter/lag/organisasjoner er det lov å ha med 2 stk utanfrå for å fylle opp laget.

 

Dette er meint å være ein dag der vi skal ha det skikkeleg moro, og vi håpar at mange melder seg på! Det blir utdeling av vandrepokaler som premie til beste lag, samt det laget som gir det beste ”showet” :-)

 

Siste frist for påmelding er 15. juni. Så her er det berre å hive seg rundt!

 

Den 16. juni vil idrettslaget kunngjere laga og gruppespelet etter trekning.

 

Vi vil og komme tilbake med tidspunkt for når laga skal spele + lengde på kampane, men det blir mest sannsynleg 15 min pr kamp. Det blir «foto-shoot» av alle lag under cupen, sal av mat og drikke for store og små – samt andre innslag undervegs :-)

 

Påmelding til Eivind Norstrand på tlf. 47 61 71 98 eller på mail: eiagutten@hotmail.com

 

PS: Etter cupen blir det dans om kvelden i ungdomshuset i regi av Bulandet ungdomslag! Meir informasjon vil komme etterkvart :-)