Møtestad: Bulandet Skule.
Tid: 19:15-20:50
Deltakarar: Frank Hatlø, Kari Helen Blikås, Jessica Bjørkstrand, Hugrún B. K. Fedøy, Jardar Melvær, Øyvind Thistel. Daniel Fedøy møtte som tilhører og representant for Nordsjøporthelga 2011.
Bill Steinsvik og Sigbjørn Halsøy kunne ikkje møte
Sak 1. Gjennomgang av
forrige styremøte, den 30. august 2010
ñForslag om omlegging av ruta til hurtigbåten har ikkje gitt resultat.
ñFelles jonsok feiring ble arrangert på Hillersøy 2010 og dette vil bli gjort årleg .
ñBrøytinga i fjor var ikkje bra nok grunna for dårleg utstyr men no har brøytemannskapet fått fat i betre utstyr. Brøytinga er allikevel ikkje så bra som ønska grunna for lett utstyr.
ñGrendalaget har kontakta Firda Billag med forslag om fleire bussavgangar men har ikkje fått positivt svar på det. Gjerne mulig å forandre tidene for noken bussavgangar vist det er ønskelig.
Sak 2. Vatn i Bulandet
Frank sendte eit brev til kommunen angåande ein nyheit i Firda om at Askvoll kommune hadde gitt Mattilsynet beskjed om at det er nok vatn i Bulandet. Der skreiv han at det ikkje er tilfellet på nattetid. Han spurte og om kor saka sto angåande nytt reinseanlegg i Bulandet og fekk til svar at arbeidet var i gang og at eit nytt anlegg vil vere på plass i løpet av våren forutsett at kommunen vil få ekstra pengar frå fylkeskommunen.
Sak 3. Vatnavgift
Det er komme forslag på at vatnavgifta skal fordelas slik:
60% fast avgift og 40% forbruk
Kommunen skal ikkje ha noken fortjeneste på vatn. Dette skal ut på høyring seinare.
Vist dette forslaget blir vedtatt vil kvar husstand måtte installere ein vatnmålar.
Sak 4. Årsmøte – Saker som vil bli tatt opp
ñKva skal vi gjere angåande mangel på vatn i Bulandet?
ñVal av nytt styre
◦Leder, Frank Hatlø,
på valg neste år
◦Nestleier, Kari Helen Blikås,
på valg i år
◦Styremedl. Trond Helge Nikøy
på valg neste år
◦Kasserar, Jessica Björkstrand på valg i år.
◦1 vara, på valg neste år
◦2. og 3. varamedlem, Jardar Melvær og Per Arild Tysse i år
◦Valkomité, Vivian Vatnøy, Helge Norheim og Øyvind Thistel
ñAtløy-sambandet, kva betyr det for oss?
ñRekneskap
Sak 5. Nordsjøporthelga
Dato for Nordsjøporthelga har våre sett til 1.-3. juli og vil bli eit samarbeid mellom grendelaget og næringsdrivande med meir vekt på de næringsdrivande no enn før. Nikøy AS vil arrangere pub både fredag og laurdag men det er endå uklart kven som skal arrangere seniordansen. Representantar frå ungdomslaget, idrettslaget og næringslivet vil bli invitert til styret for Nordsjøporthelga.