Ei forbikøyrd yrkesgruppe.

 

 

Den norske fiskaren har alltid vore litt utanom det vanlege. Han er den siste viking; ein kuriositet, ein person som ikkje finn seg heilt til rette på A 4 – arket. Eit eigenrådig naturmenneske som enten brukar opp alle pengane sine i fylla, eller kjøper eit vaskebrett til kona si når ho ynskjer seg ny vaskemaskin. Han balanserer fint mellom Gud og Mammon, men dersom desse to kjem i konflikt med einannan, så har Mammon ein tendens til å vinne. Rett nok på ein slik måte at Gud sit i sin himmel og nikkar; motvillig beundrande. Han vil helst køyre sitt eige løp, stemmer stort sett Framstegspartiet og ropar ”skyt svinet” hvis Hallgeir Langeland viser kontrafeien sin på fjernsynet.

 

Han har store vanskar med å henge med i tida. Konfirmasjonsdressen er framleis stasplagget, sjølv om han har passert dei 30 med god margin. Hvis garderoba på død og liv skal fornyast, så slær han til med eit rosa skinnslips og eit par nye, kvite tennissokkar. Hos frisøren er det berre to ting å velje mellom: Det er hockeysveis eller hentesveis. Han er høgrøysta så det held, kan banne i fargar og krotar gjerne ned eit innlegg i fiskeripressa. Fire ord går att: Det er ”kvote”, ”ruin”, ”katastrofe” og ”dævensteikeforeinhestpeis”. Direkte språk er på ingen måte mangelvare.

 

Lover og reglar verkar på fiskaren som ein raud klut. Berre ordet ”tilsyn” får han til å banne samanhengande i to minutt utan at han gjentek seg sjølv ein einaste gong. ”Fordømte overvintra gestapistar” er nærmast det finaste han kallar dei for.

 

I finare selskap, med nokre drinkar innabords, er fiskaren ei laus kanon på dekk. Ein elefant i ein glasbutikk, fullstendig utan begrep om oppførsel, dannelse og høvisk framtreden. Han dreg lange historier om kvardagen sin til alle som gidd å høyre på. Dei blir stadig færre, og meir og meir utilpass, men han er for lengst hinsides det stadiet der han kunne ta diskrete signal. Antenner har han aldri vore nemneverdig utrusta med. Kvardagen hans er sjølvsagt å samanlikne med ein omgang i torturkammeret, der han må trosse storm, orkan, Gud og djevel for å skaffe seg eit utkome som utkrøpne fiskekjøparar og hjernetomme naturvernarar vil rane han for. Det greidde dei sjølvsagt ikkje, dei måtte pent krype til korset etter at han truga med å spikre hemorroidene deira fast i taket så dei hang etter tarmane sine.

 

Slik er han. Det er opplese og vedteke. Kva i alle dagar skal vi finne på for å sivilisere desse utvekstane, desse kvisene på samfunnsrompa? Kva skal vi forresten med dei? Dei gjer jo ikkje anna enn å tømme havet, unndra seg lov, rett og regelverk, og vere i vegen når ein stakkar prøver å bidra litt til samfunnsøkonomien ved å pumpe opp nokre dråpar olje. Innbiller dei seg at dei eig både havet og fisken, desse høgrøysta gnomane med hentesveis og kvite tennissokkar, osande av sur tåfis? Få dei vekk, og så kan vi hente dei fram att når dei har lært seg eit minimum av den konduite som krevst av moderne innbyggjarar av kongeriket og oljenasjonen Noreg!

 

Ta det berre med ro. På same måten som dinosaurane hadde si tid, så har fiskarane si. Rasen syng på siste verset. Han minkar jamt og trutt i tal, han er akterutseila, forbikøyrd, utkonkurrert og umoderne. Han gidd snart ikkje meir. Kvifor skulle han det? Museumsdørene står opne for han, der han i det framtidige får utfolde sin eigenart i kontrollerte omgivnader. Mammon har svikta han, og Gud høyrer heller på Helge Lund. Fiskaren heng ikkje med i tida. Han innser det sjølv. Mytene om han er i ferd med å bli sjølvoppfyllande, det er berre dei siste krampetrekningane att. Han er blitt riddaren av den bedrøvelege skikkelse; ein Don Quijote som taper kampen mot vindmøllene. Yrkesgruppa hadde si storheitstid for to tusen år sidan, då tolv karar dreiv småfiske på Genesaret. Dei naut både velvilje og respekt, ikkje minst hjå tilsynet sitt, som då kun besto av ein einaste mann. Hans autoritet var udiskutabel. Han gav desse tolv karane ordre om å forlate båt og bruk, og i staden bli menneskefiskarar.

 

Sidan har det berre gått nedover.