Nyheiter frå ørnereiret
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
03.05.11
Hei!
Her er ei oppdatering frå havørnreiret til "Aud og Nils":
I år vart det dobbel lykke for havørnparet
"Aud og Nils".
Etter lengre tid ruging, kom det 27 april til verden to, søte små kyllingar i
havørnreiret.
Dei stolte foreldra passar godt på kyllingane, og har lik arbeidsfordeling. Dei
jaktar og matar på skift.
I fjor var det ikkje kyllingar i reiret, då Aud og Nils hadde meir enn nok
arbeid med å bygge opp igjen reiret som ramla ned etter ein rotvelt.
Med litt menneskeleg hjelp vart nytt fundament bygd opp, og ørnene bygde vidare.
No er reiret stort og flott igjen, og det er god plass til dei to nykomlingane.
Ein kan sjå dei live på storskjerm i Værlandet Gjestehamn.
På bilde som ligg ved kan ein sjå ho Aud og dei to små.
Helsing
Gry
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
15.03.10

No er det velstand i ørnereiret på Værlandet igjen : )
Ørnene ”Aud” og ”Nils” har godteke det menneskelaga ørnereiret og er i full gong med vidare bygging. Vi kan fylgje dei frå dag til dag i byggjeprosessen, som er eit møysommeleg arbeid. Det er veldig fasinerandes å sjå kor eit godt samarbeid dei har når dei kjempar med dei store kvistane i reiret. Det er òg romantikk i lufta... Kan ikkje akkurat kalle det ”sløra” blikk når dei ser på kvarandre : ) men eit kyss no og då blir det. Ørne-beibien frå i fjor: ”Per-Ørne” er ikkje observert i reiret, men held seg likevel i nærleiken. Sjølv om snøbyene har vore tette i år, ser ikkje det ut til å hemme dei i arbeidet. Vi syntes å sjå forandring i reiret i januar, men var ikkje sikker, så gleda var stor når vi fekk bekrefta at dei er igong.
Utruleg kjekt at vi i år òg kan vise ørnefamilien ”live” på storskjerm på Værlandet Båt.
I starten av april er det rugetid, og vi er veldig spente på resultatet.
Helsing
Værlandet Båt
v/ Gry Leite
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
14.01.10
Dramatikk i ørnereiret
Etter
ein flott sommar med familieidyll i reiret til ”Aud”, ”Nils” og vesle ”Per
Ørne”, fylgde ein dramatisk haust for ørnefamilien. Ein rotvelt på
nabotreet, tok med seg heile reiret i fallet og
dermed var heimen deira rasert. Maks uflaks, når vi veit at reiret har
stått trygt og godt i generasjonar. Ja, heilt frå tipp- ørnefar
og typp-ørnemor si tid.
Etter
mykje fundering på kva vi skulle gjere, vart det bestemt at vi må hjelpe ørnene
på veg med eit nytt reir. Dag og Vegard,
Rune og Asbjørn og meldte seg som
reirbyggjarar. I jobbintervjuet kom det fram at dei ikkje akkurat har drive
lenge i bransjen , men dei to eldste refererte til å ha jobba på eige hus. Dei
to andre karane var rimeleg unge, men meinte det var lett å setje seg inn i
situasjonen sidan dei nett er flydd ut av eige reir.
Det
var ikkje akkurat kø av jobbsøkjarar, så dei fire karane fekk oppdraget. Prisen
var òg klart ein viktig faktor. Dei forlanga kost og losji + brus og masse
kaffi. Det vart innvilga med tre mot ei stemme. Det
vart omfattande planlegging. Og etter mange timars arbeid i seks meters høgde,
var eit nytt reir på plass. No ventar vi spent på om ”Aud” og ”Nils” er nøgde
med konstruksjonen, og vel å byggje vidare. Eller om dei ser seg etter hustuft
ein annan plass.
Pr.
dags dato held dei seg i området, og førre helg var ”Aud” på plass ved reiret
og granska den nye heimen med ørneblikk. Eg vil påstå ho såg så blid ut som ei
ørn kan gjere.
No
vil tida vise om vi får dei på storskjerm i år òg. Og kanskje ”Per Ørne” får ei
ørnesyster eller ein ørnebror.
Dersom dette vert vellykka, fortjener dei fire
reirbyggjarane ei fjøyr i hatten i tillegg.
Gry leite
V / Værlandet Båt
Her
er ” Aud ” på inspeksjon.

|
Da her har heimesideskrivaren skreve: |
||
|
|
|
|