Styremøte
Bulandet Grendalag 30.08.10
Møtestad: Bulandet skule. Tid: 18:30 - 21:20
Deltakarar: Frank Hatlø, Kari Helen Blikås, Bill Steinsvik, Trond Helge Nikøy, Hugrún Birna Kristjánsdóttir Fedøy, Sigbjørn Halsøy.
Sak 1.
Gjennomgang av årsmøtet
Vi har ikkje fått noko tilbakemelding frå kommunen om at ei evaluering av legevakt ordninga har vorte utført. Dette skulle gjerast etter eit år. Grendalaget vil følgje opp dette.
Ambulanse bilen har endå ikkje fått betalt frå Helse Førde for dei oppdraga som den har utført. Frank vil kontakte ambulansetenesta angåande dette.
Grendalaget
har vore i møte med kommunen angåande vassverket i Bulandet. I følgje kommunen
er både reinse anlegg og distribusjons nett stort nok, men problemet er mykje
lekkasjar rundt om i anlegget. Dette er noko styret ikkje er heilt einig i og
saka vil bli fylgt opp. Vi kan ikkje
akseptere ein ny vinter med so dårleg vassforsyning som vi hadde i fjor!
Siste høringsfrist for arealplanen gjekk ut 24. August. Arealplanen vert sannsynlegvis vedteken i kommunestyret 10. Oktober.
Grendalaget vil ta kontakt med Fjord1 angåande innkomme forslag om omlegging av ruta til ekspress båten.
Nytt og betre utstyr til snøbrøyting vil
forhåpentlig være klart til vinteren. Grendalaget vil ta kontakt med kommunen
for å forsikre oss om at vi er betre rusta til vinteren.
Sak 2. Nordsjøporthelg.
Det skal være evaluerings møte 9. September på Værlandet etter Nordsjøporthelga 2010. Vi vil der prøve å samle erfaringar som vi vil ta med oss når planlegginga av 2011 tek til.
Sak 3. Arealdelen av Kommuneplanen
Arealplanen vert sannsynlegvis vedteken i kommunestyret 10. Oktober.
Sak 4.
Samfunnsdelen av Kommuneplanen
Alle grendalaga i kommunen har vore i møte med kommunen angåande Samfunnsdelen av kommuneplanen. Det vart der gitt innspel frå bygdene om kva vi meiner planen bør innehalde. Planen er no under utarbeiding av kommunen.
Sak 5.
Ambulansebåt tenesta
Det er komme forslag frå ambulansetenesta i Helse Førde om å slå i hop nattevaktene på ambulansebåten med Solund kommune. Grendalaget har vore i møte med kommunen og Helse Førde om dette. Dette forslaget vil innebere at ambulanse beredskapen vår blir altfor dårleg med bere ein båt på vakt som skal dekke to kommunar. Dette kan vi ikkje gå med på. I følgje Helse Førde sin eigen strategi plan skal ikkje ambulansetenesta endrast. Grendalaget vil følgje opp saka.
Sak 6. Hjertastartar gruppa 17-19 september
Det skal lanserast ein opplærings dvd og haldast ei markering på Værlandet med hjertastartar gruppa 17-19 september.
Sak 7. Bassenget
Firmaet som skulle levere bygget til symjebassenget har gått konkurs. Dette fører til en del problemer for prosjektet sidan
det er dette spesielle byggematerialet det er gitt støtte til. Basseng nemnda
jobba no med å finne alternative leverandører som kan levere bygg i tilsvarande
materiale.
Sak 8. Rydding i
strandsonene.
Kystarven, ved Linda Landøy, disponerer midler
til rydding i fjæra. Lag / organisasjonar og private kan melde seg og få sekkar
til å plukke søppel i fjæra mot betaling.
Sak 9. Skilting i Bulandet
Det har våre søkt om å få skilte betre langs vege i Bulandet. Grendalaget har fått innvilga søknad om retningsskilt til Værlandet i Gjelsa og ved Kvaten, samt skilt merka med"skulebarn"på skulevegen i Gjelsa. Vi har også fått løyve til å sette opp private treskilt til ulike stader og severdigheiter, men ikkje skilt som kan oppfattas som reklame.
Fiskeindustrien har fått løyve til å sette opp næring/industri-skilt i krysset i Gjelsa og ved avkøyrsla til industriområdet.
Grendalaget vil også sjekke om det er mogeleg å få satt opp fartsgrense skilt langs vegen. Slik det er no kan det oppfattas slik at det er 80 sone i heile Bulandet.
Grendalaget ynskjer også i samarbeid med Værlandet vel å undersøke om fylkeskommunen kan overta den kommunale delen av vegen mellom Værlandet og Bulandet slik avtalen var då den nye vegen vart bygd.
Sak 10. Plan for ”trygg
skuleveg”
Askvoll kommune har gjennom Statens vegvesen og aksjon skuleveg 2010 fått noko midlar som skal brukast til å oppgradere hovudplan for kommunale vegar (inkl. kommunal trafikktryggingsplan). Kommunen ynskjer å få innspel frå bygdene på kva tiltak vi ønskjer skal vere med i planen. Når vi har ein slik plan kan kommunen søkje om trafikktryggleiksmidlar til prioriterte tiltak. Grendalaget vil sjå på dette i lag med Værlandet vel og sende inn innspel til kommunen.
Sak 11. Vindmålemast.
Den planlagde vindmåler masta i Bulandet er
lagd på is. Frank vil sjekke opp for å få et endeleg svar på
kva stoda er.
Sak 12. Eventuelt
· Grendalaget har kjøpt nokre bord med benker til stranda i Gjørøyna.
· Grendalaget sendte i vår ein søknad til SUM om å få oppretta ein miljøstasjon (prøveprosjekt) her ute for levering av diverse spesialavfall. Søknaden er til behandling.
· Grendalaget har etter innspel sjekka ut tilbod om middagsombringing til eldre i haust/vinterhalvåret. Vi har innhenta eit tilbud frå Nikøy på levering av middag til eldre. Tilbudet vart sendt ut i vår til dei som har nytta middags tilbudet i eldrebustaden, samt nokre fleire. Vi har ikkje fått noko respons eller interesse for dette pr. i dag.
· Grendalaget er no registrert i Brønnøysund registeret med eige organisasjons nummer.
· Grendalaget har kjøpt eit party telt til, slik at vi no har to telt. Ta kontakt hvis du skal ha party.
· Grendalaget vil prøve å ta opp att saka om ei pendlar rute i lag med Værlandet Vel.
· Grendalaget har fått avslag på søknad om gåvemidlar/fyrtårnmidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane til eigen garasje for ambulansebilen i Bulandet og Værlandet.