Møtereferat folkemøte
om vassforsyninga 13.11.2010
Møtestad: Skulen
Tid: 16:30 - 18:10
Deltakarar frå styret: Frank Hatlø, Kari Helen Blikås, Trond Helge Nikøy, Sigbjørn Halsøy.
Totalt 25 deltakarar
Frank opna møtet med å orientere om drikkevassforskrifta. I fylgje lova er vassverket forplikta til å levere vatn i tilstrekkeleg mengde og kvalitet til ei kvar tid. Dette er heilt klart ikkje tilfelle ved vassverket i Bulandet. Vatnet forsvinn rett som det er utan varsel og det vert utkopla kvar natt. Når det vert levert vatn er det som regel veldig dårleg trykk. Dette er ikkje haldbart verken for husstandane eller fiskeindustrien.
Vatnet frå vassverket skal også være i beredskap i tilfelle brann for dei som har brannslangar. Dette vert ikkje ivareteke med den ustabile vasstilførselen vi har i dag, og når vatnet er utkopla om natta.
Vi opplever også at kommunen opptrer veldig arrogant når dei blir kontakta angåande dårleg vasstilførsel. Einaste svaret vi får er at det er vi som brukar for mykje vatn. Dette er eit argument som ikkje held. Vassverket er designa for å levere langt meir vatn enn normalt forbruk for husstandane i Bulandet. Mest sannsynleg er det store lekkasjar rundt i anlegget der vatnet forsvinn.
For å kunne tilbakevise at det ikkje er abonnentane som har for høgt forbruk, oppfordrar vi alle husstandar til å installere vassmålar. Grendalaget vil sette opp ei liste på butikken der dei som ynskjer å kjøpe målar kan skrive seg på. Vi vil då prøve å få ein rimeleg pris når vi kjøper fleire målarar samla.
Så vidt vi veit føreligg det ingen planar
frå kommunen om å oppgradere vassverket for å sikre ein stabil vasstilførsel.
Grendalaget har vore i møte med kommunen tidlegare, men ingenting skjer. Det er
stor einigheit på møtet om at dette kan vi ikkje finne oss i. Vi vil forlange å
få folk i frå kommunen ut for å gjere greie for kva kommunen gjer og har planar
om å gjere med dette. Grendalaget vil
invitere Ordførar, Rådmann, Teknisk sjef og driftsansvarleg for vassverket til
eit nytt folkemøte på førstkommande onsdag 17.11.
Vi vil då legge fram våre krav til kommunen og prøve å få litt informasjon om kva dei har planar om å gjere med saka. Folkemøtet krev svar på bl.a. fylgjande:
· Kva kontrakt har kommunen med entreprenøren som driv vassverket. Får kommunen tilstrekkeleg informasjon om kva som eigentleg er situasjonen ved vassverket? Har entreprenøren nødvendig kompetanse til å drive vassverket?
· Dei siste gongane vatnet har vore vekke har kommunen skulda på lekkasjar i private slangar. Det må klarerast kva som vert rekna som private og kva som er kommunale slangar, og kven som har ansvar for vedlikehald av desse.
· Kvifor er det ikkje montert alarm på pumpene i anlegget slik at dei som driv vassverket får melding om at pumpene er stoppa før buffertanken er tom?
· Det må snarast komme i stand eit varslingssystem slik at abonnentane får informasjon om planlagde vedlikehaldsstansar ved vassverket.
· Kommunen må utarbeide ei liste med tiltak som skal utførast for å sikre stabil vassforsyning. Målet for desse tiltaka må være at trykket i anlegget ikkje skal nedstrupast, vatnet skal ikkje utkoplast om natta og tal uforutsette driftstansar må reduserast kraftig. Denne lista må også innehalde klare tidsfristar for tiltaka.
Folkemøte meiner at vi også må få kontrollutvalet i kommunen til å sjå på saka. Vi vil foreslå at dei får eit eksternt firma med rett kompetanse til å sjå på tilhøva ved vassverket. Grendalaget vil kontakte kontrollutvalets formann Jorunn Ringstad.
Viss ikkje kommunen kan komme med effektive tiltak må vi gå vidare med saka. Kontakte Mattilsynet / forbrukarrådet, politimelde, halde att vassavgift osv.
Noko må gjerast no!!!