Protokoll frå
årsmøte i Bulandet idrettslag (BIL).
Årsmøtet vart halde ved Bulandet skule den
11.03.10 kl. 17.00.
Sak 1. Godkjenning av stemmerett.
9 personar møtte, av desse var 4 frå styret. Alle hadde stemmerett.
Vedtak: 9 personar med stemmerett vart godkjent.
Sak 2. Godkjenning av innkalling og
saksliste.
Vedtak: Innkalling og saksliste vart godkjent.
Sak 3. Val av dirigent, sekretær og to representantar til å underskrive protokollen.
Vedtak: dirigent: Eivind Norstrand, sekretær: Kari Helen Blikås, underskrive protokoll: Bill Steinsvik og Asgeir Torvanger.
Sak 4. Årsmelding for 2009.
Gjennomgang av årsmelding v/leiar.
Vedtak: Årsmelding for 2009 vart godkjent.
Sak 5. Rekneskap
for 2009 i revidert stand.
Gjennomgang av rekneskapet v/kasserar.
Har hatt
større utgifter enn inntekter pga store utgifter til lysmaster og bod ved bana.
Idrettslaget har dekning for dette gjennom oppsparte midlar.
Revisormeldinga må rettast ift årstal.
Vedtak: Rekneskap for 2009 vart godkjent. Revisormelding vart godkjent med retting.
Sak 6. Innkomne
forslag og saker.
Det kom ingen forslag til styret innan frist 25.02.10. Styret hadde ikkje forslag til saker som skulle takast opp på årsmøtet.
Vedtak: Ingen saker til handsaming.
Sak 7. Fastsette
medlemskontingent.
Styret la fram forslag om uendra medlemskontingent, men med følgjande inndeling:
· Born under 18 år (aktiv) kr. 100,-
· Einsleg over 18 år (aktiv) kr. 150,-
· Familiekontingent (utan aktive vaksne) kr. 150,-
· Familiekontingent (med aktive vaksne) kr. 250,-
· Støttemedlem (ikkje aktiv) kr. 100,-
Vedtak: Forslag til medlemskontingent for 2010 vart einstemmig godkjent.
Sak 8. Budsjett
for 2010.
Gjennomgang av forslag til budsjett v/kasserar. Ut frå rekneskapet for 2009 må vi rekne med mindre inntekter og utgifter pga færre fotball-lag i serien frå BIL i 2010.
Dette vert endra i budsjettforslaget.
Vedtak: Forslag til budsjett for 2010 vart godkjent med mindre endringar.
Sak 9. Idrettslaget
sin organisasjonsplan.
Organisasjonsplanen skal vere eit styringsverktøy for idrettslaget. Styret la fram organisasjonsplanen som vart godkjent på årsmøtet i 2009. I forslaget til endra organisasjonsplan er org.nr. til BIL tatt med (Frivillighetsregisteret). Namn på personar i dei ulike verva er tatt vekk då årsmøteprotokollen viser kven som er valde. Desse endringane gjer at BIL ikkje treng å endre på organisasjonsplanen på kvart årsmøte.
Vedtak: Forslag til endra organisasjonsplan vart einstemmig godkjent.
Sak 10. Val av:
a) Styre (jf. organisasjonsplan)
b) 2 revisorar
c) Valkomite med leiar og 2 medlemmar og 1 varamedlem for neste årsmøte.
d) Representant(ar) til ting og møte i organisasjonar som idrettslaget er tilslutta.
Valkomite v/leiar Oddlaug Norstrand la fram forslag til kandidatar.
I styret er det leiar, kasserar, styremedlem og 1.vara som står på val i år, samt nestleiar for
eit år. Tidlegare nestleiar (vald for 2 år i 2009) har bedt om fritak etter eit år pga jobb.
Forslag
styre:
Leiar: Eivind Norstrand (på val kvart år)
Nestleiar: William Rogne (ny) (på val i år med oddetal)
Sekretær: Kari Helen Blikås (på val i år med oddetal)
Kasserar: Synnøve Melvær (på val i år med partal)
Styremedlem: Randi F. Norheim (på val i år med partal)
1. vara: Sissel K. Steinsvik (på val i år med partal)
Forslag revisorar: Reidun Melvær
Asmund Melvær (ny)
Forslag valkomite: Oddlaug Norstrand (leiar)
Sigbjørn Halsøy
Anne Marie Graarud
Sofie Vatnøy Fedøy (1.vara)
Forslag
representanter til ting og møte:
Styret får fullmakt til å velje representant(ar) etter behov.
Vedtak: Alle forslag vart einstemmig godkjent.
Informasjon
om badebasseng:
Bassengnemnda v/Frank Hatlø informerte kort om status og framdriftsplan for bassenget.
Bassenget skal etter planen vere ferdig til hausten-2011. I vår og sommar skal det utførast grunnarbeid: utgraving av tomt, støype såle og ringmur, montere røyr og isolere grunn. Det vil bli behov for dugnadshjelp frå begge bygdene undervegs, og ein håpar at folk stiller seg positive til dette.
Møtet vart heva kl. 18.30.
Bulandet 21.03.10.
Kari Helen Blikås, sign. Bill Steinsvik, sign. Asgeir Torvanger, sign.
Referent Protokollførar Protokollførar