Møtereferat
frå Bulandet Grendalag 04.02.10
Møtestad: Skulen
Tid: 18:00 - 20:30
Deltakarar: Frank Hatlø, Kari Helen Blikås, Jessica Björkstrand,
Bill Steinsvik, Eva Solum, Sigbjørn Halsøy.
Årsmøte
Frank hadde ei oppsummering av fjoråret for å forberede til årsmelding og årsmøte.
Årsmøte vert avhelde 13. mars i skulen.
Frank Hatlø og Arne Fedøy står på val. Arne Fedøy trekker seg frå styret og Eva Solum trekker seg som vara. Frank har sagt seg villig til å stå vidare.
Ambulanse.
Frank har vore i møte med Helse Førde angåande ambulansebilen vår. Dei synest
det var så bra at vi hadde fått en ambulansebil her ute, at dei ville skaffe
oss ein nyare og betre bil. Denne vil være på plass om kort tid. Den vil også
bli utstyrt med sambands utstyr, mobiltelefon og GPS utstyr som kan brukast opp
mot redningshelikopter / redningstjenesten. Ambulansen vil også få betalt for
kvart oppdrag dei utfører. (Symbolsk sum) Grendalaget vil opprette ein eigen
konto for ambulansetenesta som desse pengane skal settast inn på.
Bilen blir køyrd av dei som er i hjertestartar gruppa. Dei blir kontakta av AMK når det er behov for det.
Veglys/vegsikring.
Det er en del veglys som ikkje er lys i langs vegen i Bulandet. Kommunen skal
gå i gong med å skifte ut dei lysa som ikkje virka.
Vi har no og fått godkjenning i frå vegvesenet til å sette opp ekstra lys ved gamle ferjekaia på Nikøy.
Det er og søkt om å få sette opp speil ved uoversiktlige svingar langs vegen, men dette ikkje vorte godkjent av vegvesenet. Frank jobbar med saken.
Vegen i krysset i Gjelsa burde vore sikra betre med rekkverk. På glatte vegar, slik vi har hatt no, kan det være fort gjort å skli utfor. Kari Helen vil finne ut om dette står på kommunens Trafikk tryggings plan og ta dette opp i eit seinare møte.
Arealplan
Arealplanen er framleis til behandling i kommunen etter innspela som vart
innsende frå folkemøte i fjor haust. Det er uvisst kor lang tid dette vil ta,
men det viktigaste er at vi får ein god arealplan når den er ferdig.
Søppel
i fjæra
Når folk ryddar i fjæra er det eit problem å bli kvitt søppelet. Grendalaget
vil i samband med prosjektet Kystarven prøve å finne ein måte å få levert
søppelet som blir rydda opp.
Levering
av el-avfall.
Grunna vanskelege opningstider ved miljøstasjonen på Askvoll, har Grendalaget
fått spørsmål om det er mogeleg å få til ei ordning med henting av el-avfall.
Vi vil kontakte SUM for å finne ut kva ordningar som finnes, og kva som er
mogeleg å få til.
Jonsok
feiring
Det er komme forslag om å arrangere ei felles jonsokfeiring med grilling og sosiale aktivitetar for heile bygda. Dette vil bli teke opp på årsmøtet til Grendalaget.