Årsmøte Bulandet Grendalag  13.03.10

 

 

Møtestad: Bulandet skule. Tid: 15:00 - 17:40

 

Deltakarar frå styret: Frank Hatlø, Kari Helen Blikås, Bill Steinsvik, Eva Solum,

Sigbjørn Halsøy.

 

Sak 1. Godkjenning av stemmerett

Totalt 18 medlemmar (inkludert styret) deltok på møtet. Alle deltakarane er over 16 år og har stemmerett.
Vedtak
: 18 personar med stemmerett vart godkjent.

 

Sak 2. Val av dirigent, referent og to personar til å underskrive protokollen

Vedtak: dirigent: Frank Hatlø, referent: Sigbjørn Halsøy, underskrive protokoll: Magni Tysse Rogne og David Fedøy.

 

Sak 3. Årsmelding 2009

Frank starta med gjennomgang av årsmelding for 2009 med utfyllande informasjon og tilbakemeldingar frå deltakarane på følgjande saker:

 

            Helse, miljø og sikkerhet (HMS)

Den nye legevakt ordninga skal gjennomgåas og reviderast etter 1 år, og har så ei oppseiings tid på 1 år. Det har vore en del misnøye med den nye legevaktordinga blant anna at folk ikkje får svar på telefonen til legen. I slike høve må ikkje folk vere redde å ringe 113.

Sidan dette framleis er ei prøve ordning som skal reviderast er det viktig at folk klagar på ting som ikkje fungerar tilfredstillande. Det er litt uklart kven som er klage instans for legevakt ordninga. Dette skal Grendalaget prøve å finne ut av. Folk som har klager å komme med i forbindelse med dette kan ta kontakt med nokon i styret i Grendalaget som vil bringe det vidare.

 

Ambulanse bilen har vore i stor aktivitet i vinter. Det er i dag hjertestartar gruppa som køyrer ambulansen. Den symbolske summen som ambulansetenesta får betalt for kvart oppdrag, går foreløpig inn på ein eigen konto for ambulansen. Årsmøtet meiner at det etter kvart må vurderast om dei som køyrer ambulansen skal få betalt for jobben. Når ordninga har vore ei stund slik at ein har meir oversikt over behovet, bør det kanskje også vurderast å søke om å få opprette ei eiga stilling for ambulansetenesta.

 

Årsmøtet forlangar ei full utredning av både utstyr og drift ved vassverket. Det er i dag for lite kapasitet både på reinseanlegg og distribusjonsnett. Vatnet er no avstengt om natta. Dette kan ikkje aksepterast. Det går både omgangsjuke og anna pest med jamne mellomrom, slik at både barn og vaksne kan verte dårlege om natta. Det er også     mange som har hus brannslangar som er ute av drift når vatnet er vekke.

Då reinseanlegget kom vart det sagt at det skulle produsere drikkevatn utan bruk av kjemikaliar. Vi har no vatn med so mykje klor at det knapt er egneleg til matlaging. Det bør også utredast eventuelle helsefarar ved å drikke vatn med so høgt klor innhald som det vi har.

 

Arealdelen av kommuneplanen
Kommunen ventar på resultat frå konsulenten etter innspela som kom frå bygdene i fjor haust. Det er uvisst kor lang tid dette vil ta, men det viktigaste er at vi får ein god arealplan når den er ferdig.

 

            Samarbeid

            Ruter: Bulandet Grendalag og Værlandet Vel har sendt inn innspel til kommunen om å få like bussruter kvar dag, slik at det blir buss også til dei nye ferjeavgangane vi fekk i år. Dette har vist seg vanskeleg å få til grunna dårleg økonomi.

Vedtak: Årsmelding for 2009 med kommentarer godkjent av årsmøtet.

 

 

Sak 4. Revisorbekreftet regnskap
Regnskapet for Grendalaget har vorte utarbeid av kasserar Jessica og gjennomgått av Irene som revisor.
Vedtak: Regnskapet for 2009 godkjent av årsmøtet.

 

Sak 5. Innkomne forslag

 

            1) Omlegging av ruta til hurtigbåten.

Grendalaget har fått inn ein førespurnad om å være med å jobbe for ei omlegging av ruta til hurtigbåten til Bergen. Forslaget går ut på å få båten til å gå i Hjeltefjorden i staden for i straumane der den går i dag. Dette for å få muligheit til stopp på Sture og Ågotnes der det er stor aktivitet og mange arbeidsplassar.

Vedtak: Årsmøtet meiner at dette er ei sak som Grendalaget kan gå vidare med i samråd med dei andre bygdene som ligg langs hurtigbåt leia.

 

            2) Felles jonsok feiring.

Grendalaget har tidlegare fått inn ein førespurnad om det er mogeleg å få til ei felles jonsokfeiring i bygda.
 Vedtak: Årsmøtet meiner at eit slikt arrangement vil være positivt for bygda og at Grendalaget skal prøve å få til dette. 

 

            3) Brøyting.

            Brøytinga som har vore i vinter har ikkje alltid vore god nok. Det har ofte vore dårleg brøyting ved møteplassar og snuplassar. Dette kjem først og fremst av at det ikkje har vore brukt egna utstyr til slike snø mengder som vi har hatt i vinter.

Vedtak: Årsmøtet går inn for at Grendalaget kontaktar kommunen og ber dei syrgje for at dei som brøyter også har tilgang til egna utstyr.

 

            4) Forslag frå styret: Vedtekter for Bulandet Grendalag.

Styret har utarbeid nye vedtekter for Grendalaget. Dette kan være ein fordel å ha med tanke på å framstå som eit seriøst lag og mogelegheit for registrering i Brønnøysund registeret.

Vedtak: Vedtektene gjennomgått og godkjent av årsmøte. Vedtektene vil bli publisert på nettsida til Grendalaget.

 

 

Sak 6.  Val

            a) Styre (jf. vedtekter)

            b) 2 revisorar

            c) Valkomite på tre medlemmar

            d) Eventuelle komiteer

 

            a) Styre

 

Leiar: Tidlegare har leiar vore på val kvart år. Etter dei nye vedtektene skal leiar være på val i år med oddetal. Frank Hatlø har sagt seg villig til å fortsette.

Vedtak: Frank Hatlø vert vald som leiar for 2 år, og står på val i år med oddetal. Einstemmig godkjent.

 

Nestleiar: Kari Helen Blikås vart vald til nestleiar for 2 år i 2009. Etter dei nye vedtektene skal nestleiar velgast for 2 år i år med partal. Kari Helen ynskjer ikkje å stå som nestleiar lenger enn dei to åra ho i utgangspunktet vart vald for. Ho står difor som nestleiar i 1 år til.

Vedtak: Kari Helen Blikås vert vald som nestleiar for 1 år. På årsmøte i 2011 skal ny nestleiar velgast kun for 1 år, for å innordne seg dei nye vedtektene om val av nestleiar         i år med partal. Einstemmig godkjent.

           

Styremedlem: Etter dei nye vedtektene skal styremedlem stå på val i år med partal. Arne Fedøy er på val og har sagt i frå at han ynskjer å trekkje seg. Valnemnda har føreslege Trond Helge Nikøy som nytt styremedlem.

Vedtak: Trond Helge Nikøy vert vald som styremedlem og står på val i år med partal. Einstemmig godkjent.

 

            Kasserar: Etter dei nye vedtektene skal kasserar stå på val i år med oddetal.

            Jessica Björkstrand har sagt seg villig til å fortsette.

Vedtak: Jessica Bjôrkstrand vert vald som kasserar og står på val i år med oddetal. Einstemmig godkjent.

           

Styremedlem/kommunestyrerepresentant: Dette vervet følgjer år med kommuneval, der representant i grendalaget vert vald av kommunen. Bill Steinsvik står ikkje på val før neste kommuneval i 2011.

Vedtak: Bill Steinsvik er vald som styremedlem/kommunestyrerepresentant og står på val i år med kommuneval. Einstemmig godkjent.

 

Sekretær: Sekretær står på val i år med partal. Sigbjørn Halsøy har sagt seg villig til å fortsette.
Vedtak: Sigbjørn Halsøy vert vald som sekretær og står på val i år med partal. Einstemmig godkjent.

           

1.varamedlem: Etter dei nye vedtektene skal 1. vara stå på val i år med partal. Eva Solum er på val og har sagt i frå at ho ynskjer å trekkje seg. Valnemnda har føreslege Hugrún Birna Kristjánsdóttir som ny 1. varamedlem.

Vedtak: Hugrun Birna Kristjànsdòttir vert vald som 1. varamedlem og står på val i år med partal. Einstemmig godkjent.

 

2. og 3. varamedlemmer: Etter dei nye vedtektene skal 2. og 3. varamedlemmar stå på val i år med oddetal. Jardar Melvær er 2. vara og Per Arild Tysse er 3. vara og er ikkje på val i år.

Vedtak: Jardar Melvær er vald som 2. varamedlem og Per Arild Tysse er vald som 3. varamedlem og står på val i år med oddetal. Einstemmig godkjent.

 

            b) 2 revisorar

Etter dei nye vedtektene står revisorar på val i år med partal. Tidlegare revisorar har sagt seg villige til å fortsette.

Vedtak: Irene Tysse og Petra Berit Norstrand Rogne vert valde som revisorar og står på val i år med partal. Einstemmig godkjent.

 

            c) Valkomite på 3 medlemmar.

Etter dei nye vedtektene står valkomiteen på val i år med oddetal. Vivian Vatnøy, Helge Norheim og Øyvind Thistel står difor ikkje val i år.

Vedtak: Vivian Vatnøy, Helge Norheim og Øyvind Thistel er valde som valkomite og står på val i år med oddetal. Einstemmig godkjent.

 

            d) Eventuelle komiteer

            Det er ikkje komme forslag til val av eventuelle komiteer på årsmøtet.

            Vedtak: Det vert ikkje val av eventuelle komiteer. Einstemmig godkjent.

 

 

 

 

 

 

Referent:                                  Protokollførar:                         Protokollførar:

 

 

Sigbjørn Halsøy, sign.               David Fedøy, sign.                   Magni Tysse Rogne, sign.