Til

medlemmane i Bulandet idrettslag

 

 

Innkalling til årsmøte i Bulandet idrettslag torsdag 11.mars 2010

kl. 17.00 ved Bulandet skule.

 

 

Saker som ein ynskjer vert tatt opp på årsmøtet må sendes styret seinast 25.februar.

 

Saker kan sendast til leiar Eivind Norstrand, 6987 Bulandet eller pr. mail: eiagutten@hotmail.com

 

Saksliste kan ein lese under her.

 

Velkommen til årsmøte!

 

 

Med vennleg helsing

Styret i BIL

 

 

SAKSLISTE

 

Sakliste for årsmøte i Bulandet idrettslag torsdag 11.mars

 

 

Viser til tidlegare innkalling til årsmøte torsdag 11. mars 2010 kl. 17.00 ved

Bulandet skule.

 

 

Sakliste:

 

1. Godkjenning av stemmerett

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Val av dirigent, sekretær og 2 representantar til å underskrive protokollen

4. Årsmelding for 2009

5. Rekneskap for 2009 i revidert stand.

6. Innkomne forslag og saker

7. Fastsette medlemskontingent

8. Budsjett for 2010

9. Idrettslaget sin organisasjonsplan

10. Val av:

           a) Styre (jf. organisasjonsplan)

b) 2 revisorar

c) Valkomité med leiar og 2 medlemmar og 1 varamedlem for neste årsmøte

d) Representant(ar) til ting og møte i organisasjonar som idrettslaget er tilslutta.

 

 

Det vert også litt informasjon om framdriftsplanen for badebassenget.

 

Enkel servering av kaffi og kaker. Vi ønskjer alle velkomen til årsmøte!

 

 

 

Med vennleg helsing

 

Styret i BIL