Næringskonsulenten
Til AK portalen – v. 42-2010:
-------------------------------------------------------------------------------------------------------
Askvolll
kommune vart Omstillingskommune frå 2010. Kommunen får økonomisk og fagleg
støtte frå fylkeskommunen til å styrke det næringsretta arbeidet. For å oppnå dette må næringslivet ha eit godt
samarbeid seg i mellom, og det må vere eit tett samarbeid mellom næringslivet
og kommunen.
Omstillingsarbeidet
er prosjektretta, og både næringslivet og kommunen skal vere med i
styringsorgana.
10. november 2010 kl. 17.45 på Askvoll Fjordhotell –
Skiping av næringsorganisasjon i Askvoll.
Næringsdrivande
i kommunen vil verte invitert til å skipe næringsforening.
Styret eller deler av styret vil gå inn som
næringslivet sine 3 representantar i Styringsgruppa for Omstillingsarbeidet.
Kommunestyret oppnemner dei to andre.
Omstillingsarbeidet
er under omorganisering, og to modellar har vore vurdert:
-den eine med
ein felles nærings- og omstillingsorganisasjon.
-den andre med
to organisasjonar: eit eige omstillingstyre og ein frittståande
næringsorganisasjon.
Invitasjonen vil
innehalde framlegga i detalj.
Tysdag og onsdag 11.-12. januar 2010 vert det kurs i Prosjektleiing (PLP) på Askvoll Fjordhotell. PLP står for Prosjekt-Leiar-Prosessen og er eit
kurs utvikla av Innovasjon Norge for bruk i offentleg
og privat utviklingsarbeid.
Kurset er for både næringslivet og det offentlege.
Omstillingsarbeidet er organisert som prosjektarbeid, og alle som vil vere aktivt med i delprosjekta eller i ”hovud”-prosjektet
bør ta kurset.
Passar ikkje
våre datoar, kan du ta kurset i regi av Innovasjon
Norge i perioden oktober til november, i Hermansverk, Førde eller Eid: sjå linken nedanfor:
http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/($All)/0AE41492226732DDC12577B5002A3B35?OpenDocument