KJÆRE
BYGDEFOLK!
Vi
i Temaparken har starta oppatt med eit nytt arbeidsår. I år vil vi laga til ei
skuleutstilling i det gamle klasserommet på loftet i Temaparken. Vi vil og
henge opp bilder og liknande i trappeoppgangen.
Kathrin
har samla saman ein del gamle bøker dei ikkje har plass til på skulen, og vi
har eit par gamle pultar, men elles treng vi hjelp frå dykk.
Er
det nokon som har gamle ranslar, penal, matboksar, skulebøker, ting dei har laga på sløyden eller
handarbeid heime, håpar vi de vil låne det ut til utstillinga.
Vi
vil og prøva å få kopiera opp gamle og nye skulebilde og klassebilde, så langt
tilbake som råd, og hengja dei opp i gangen. Har de slike heime, så gje oss
beskjed så vi kan kopiera dei.
Har
de nokon gode historiar frå skuletida og skulevegen
opp gjennom tidene, så skriv det ned. Det hadde vore kjekt å samla slik
historie i ein perm, medan folk enno hugsar dei.
Vi
vil og få takke alle for at de alltid viser velvilje og hjelper oss kvar gong
vi set i gang med nye prosjekt. Utan dykkar hjelp, hadde det ikkje blitt nokon
utstilling. Håpar de kan hjelpa oss denne gongen og. Berre ta kontakt med nokon
av oss i Temaparken.
Liv
Turid Gjørøy 91317194
Eli
Sandøy 90870557
Bente
Norheim Hillersøy 48291898
Marianne
Hillersøy 40879356