Tall ships races.

 

 

Han Helge frå Hjelle han vakna

om natta, og fekk seg eit syn:

”Her er blitt så stille. Eg saknar

litt liv og litt røre i byn.

Den traurige tralt i kvardagen;

det evige slitet for peng,

kun fokus på maten i magen.

Nei, huff, for ein sidrumpa gjeng”.

 

”Eit party på fire-fem dagar,

det kunne vel skape litt blest.

Eureka! Eg slær til, og lagar

ein ørliten seglskutefest.

Når heile den seglande flåten

skal kaste sin glans over byn,

ein kan ikkje vere smålåten,

og spare på skilling og gryn”.

 

Og Helge fekk fullmakter vide

av kommunalt styre og stell.

All skepsis vart feia til side:

”Det går sikkert bra likevel.

Nei, her skal det bryggjast og bakast,

til jubel og fest dag og natt.

Og rekninga, den kan nok takast,

med krav om litt eigedomsskatt”.

 

Og festen vi må kunne kalle,

eit drusteleg, sabba kalas.

Om det var dei einige, alle,

at dette var mykje til stas.

Så kom det ein gjeng gitaristar

med gåstol og gamalmannspop.

Sin Status, den hadde dei mista,

men sjefen, han syns dei var topp.

 

Kapteinar til middag i Selje,

vart frakta i flygemaskin.

Og dei kunne maten sin svelgje

med rause rasjonar av vin.

Det syns som dei enda på fylla,

kvar sjel som med ansvaret sat.

Han Helge vart tilbedd og hylla,

som sjef for eit stort apparat.

 

Så vakna dei, langt og om lenge,

med hauet i grus og ruin.

Ja, gjett om dei sårt kunne trenge,

ein dunk med tiloversblitt vin.

No skulle dei telje opp kassen,

med pengar i søkk og i kav:

”Nei, kyss meg i ræva og rassen,

kor f… er gryna blitt av”?

 

”Gud hjelpe oss rett for ei flause,

det gjekk visst til bøvels med alt.

Vi var nok i overkant rause

med alt vi har kjøpt og betalt.

Kommunen får ordne opp tabben,

kasseraren nådelaust svi,

og andre får suge på labben,

mens vi ordnar ryggen vår fri”.

 

Så kom det på bordet ei rekning

på kroner og øre i fleng.

Han Helge, han stupte i dekning,

og surra att kjeften med streng.

Han la seg så lavt i landskapet,

at mest det vart leiteaksjon.

Imedan, så vaks berre tapet,

med stadig ein ny million.

 

No blir det å spenne inn reima,

og spare på skilling og stål,

rundt om i dei Vågsøy’ske heimar,

til alle budsjett er i mål.

Og det kan bli lenge å vente,

for både kommune og stat,

men vona er lavare rente,

og øks over teknisk etat.