Møtereferat frå Bulandet Grendalag  29.01.09

 

Møtestad: Bulandet Skule

Deltakarar: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Bill Steinsvik, Jardar Melvær, Frank Hatlø, Eva Solum, Per Arild Tysse.

 

Sak 1: Årsmøte.
Årsmøte vert sett til 21.mars i Bulandet Ungdomshuset kl. 14:30
Årsmelding må skrivast og da tek Kurt seg av.

 

Sak 2: Nordsjøporthelga.
Grendalaget må ta ansvar for Nordsjøporthelga. Seniordans på laurdag, Jardar styrer på her.
Frank tok på seg markedsføring. Eva tek seg av  tombola. Marknad på laurdag, Heidi styrer litt med dette og ein må samarbeide med butikken. Rune Thistel ringer diverse gamle båter. Må forhøyre seg med lokale båter om dei kan ligge ved kai under marknaden. Turar til Sandøyna var populære i fjor, vi må sjekke om da går an i år og. Heidi skal høyre om nattferje. Elles tek ein imot alle tips og råd folk kan ha tilgjengelig
Må ha nytt møte om dette att snart.  Nytt styremøte torsdag 19. Februar kl. 20:00

Sak 3: Folkeaukeseminar.
Heidi har vore på møte. Eigen folkeaukekomite er starta, og tek tek sikte på eit seminar 1. mai helja (fredag og laurdag).

 

Sak 4: Arealplan.
Vert lagt ut på heimesida så snart det er klart, og det vert folkemøte. Eksakt dato ukjent.

 

Sak 5:  Diskutere samanslåing av grendalaga.
Vert ei sak på årsmøte.

 

Sak 6: Veilys, basseng.
Frank fortel. Lyskablane har komme i jorda. Ein del papirarbeid, telefonering og anna arbeid gjenstår men Frank har kontroll.
Slit med økonomien på bassenget. Har fleire søknader på gang og Frank kjemper med saka.
5. Mars vert søknaden sent og då må det være fullfinansiert.

Sak 7: Val.
Heidi og Rune Thistel står på val. Heidi trekker seg som formann og Kurt trekker seg som sekretær. Kurt gir beskjed til valnemda om at dei må finne kandidatar til årsmøte.

 

Sak 6: Eventuelt
Ustabilt vatn i da siste. Må i alle fall få eit varsel før vatnet forsvinn, dersom da er planlagt arbeid som medfører at vatnet vert borte. Automatikken på renseanlegget sler seg av utav seg sjølv nokre gonger, må være ei betre varling når dette skjer. Grendalaget sender brev til teknisk etat om denne saka.