Møte i Bulandet Grendalag 08. mars 2009


Deltakarar: Kurt Rutledal, Heidi Kjempenes, Jardar Melvær, Bill Steinsvik, Eva Solum, Per Arild Tysse, Frank Hatlø og Arne Fedøy.
 
Årsmøtet:
Årsmøte 21. mars 14:30.  Kurt skal henge opp plakat og legge info ut på heimesida.


Rekneskap:

Gjekk gjennom rekneskapen. Skal vere klart til årsmøtet . Rune kopierer opp. Viktig å halde styr på midlane ( 90.000) frå Gjensidige fondet. På Nordsjøporthelg-kontoen skal det bet. Inn  kr, 10.000 frå Værlandet Vel.


Årsmelding:

Kurt, skal skrive årsmelding før årsmøte.


Nordsjøporthelga:

 

Grendalaget skal kjøpe telt, dette kan brukast av A/S Nikøypub-kvelden, samt til stand laurdagen. Avklare med A/S Nikøy om dei kan lagre teltet. Frank har tatt på seg arbeidet med å skaffe telt.. Det er no avklart at A/S Nikøy tek puben fredag kveld. Jardar Melvær skal snakke med dagleg leiar om musikk som kan nyttast på puben og på seniordansen laurdag. Det vert fellesmøte med Værlandet angåande NP-helga seinare, då bør og dagleg leiar bli invitert., RIB båten ( Kystrafting) kjem i år og. Båt frå Solund med glasbotn kjem truleg. Skal lage standliste på heimesida.

Heidi har ansvaret for stand. Når alt det praktiske skal gjerast lyt alle vere flinke å stille.


Prosjekt Kystarven:

Heidi orienterte om prosjektet som Askvoll og Solund har søkt om å få delta i. Søknaden frå Askvoll og Solund er prioritert som nr. 1 hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane.


Ferje:

Skriv frå samferdsleutvalet ligg hos vegdirektoratet.

Opsjonen om like ferjeruter vert mest truleg handsama før sommarferien. Heidi har snakka med Knut M Olsen og han har sagt at han kjem til å be om å få den i utvalet før ferien. Opsjonen kjem ikkje til å gjelde før anbodet trer i kraft.


Folkeaukeseminar- pengestøtte:
Grendalaget gjer 5000 kroner til seminaret. Seminaret skal være 1. mai helja. Meir informasjon kjem på heimesida. Presentasjon av gredalagasminaret.


Arealplan-kort orientering:
Skal vere møte i kultur og næringsutvalet måndag 16.mars. Møtet skal vere på Værlandet. Truleg siste møtet før planen skal ut på høyring. Det vil då verte kalla inn til folkemøte.

 

 


Valnemda sitt framlegg til nytt styre:
Ny leiar. Frank Hatlø.
Nestleia. Kari Helen Blikås

Kasserar. Jessica Bjørkstrand

Sekretær. Sigbjørn Halsøy


Alle på møte var skikkelig fornøgd med valnemda.


Basseng:

Finansieringsplan er klar, og stadig nye midler kjem inn. Skal presentere basseng på 1. mai helja under folkeaukeseminaret.
 

Eventuelt: 
Heidi orienterte om skriv ang. dårlig mobildekning.