Årsmøte i Bulandet Grendalag
21. mars 2009 klokka 15:30.
Møtestad: Bulandet
Skule.
Deltakarar
frå styret: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Per Arild Tysse, Rune Thistel og
Eva Solum.
Utanom styret var det 15 andre til stades.
Årsmelding
Heidi las opp årsmelding.
Årsmelding godkjent utan krangel.
Regneskap
Regnskapet
vart godkjent utan krangel.
Nordsjøporthelga
Noverande grendalagstyre har ansvaret for Nordsjøporthelga 2009.
Rekruteringsseminar.
Seminar
1. Mai. Marknadsføring av Bulandet og Værlandet. Mange eksterne aktører
invitert.
Program vert lagt ut straks det er klart.
Ferjer
Ny ferje
skal ha tilgjengligheit for eldre og funksjonshemma. Anbod trer i kraft 1.1.
2010, då vert og rutetidene klar. Alle stopp i Fure vil verte stjernestopp.
Arealplan
Neste og
forhåpentligvis siste møte vert 3. April. Møte med planutval i slutten av
april. Arealplanen skal etter planen ut på høyring i mai, då vert da folkemøte.
Legevaktordning
Legevaktordninga skal i drift. Viktig at folk seie frå om da ikkje fungera,
skal evaluerast om eit år. Vert
legevaktordninga forkasta etter eit år så er da eit år oppseiingstid.
Kystarv-prosjekt
Askvoll
og Solund har søkt om å delta i dette prosjektet. Søknaden frå Askvoll og
Solund ligg som første prioritet. Kystarv-prosjektet går ut på at verna område
skal brukast til noko vetigt, til nytte for både lokalbefolkning og turistar.
Frida
orienterte om kystarv-prosjektet. Ein kan lese meir om saka på Fylkesmannen si
heimeside -> http://fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=430&amid=2522822
Val
Heidi går
av som leiar, Rune går av som kasserar og Kurt trekker seg som sekretær.
Valnemda sitt
framlegg til nytt styre:
Ny leiar. Frank Hatlø.
Nestleiar. Kari Helen Blikås
Kasserar.
Jessica Bjørkstrand
Sekretær.
Sigbjørn Halsøy
Framlegg
frå valnemda vart godkjent heilt utan krangel. Jessica var den einaste til
stades frå da nye styret, ho måtte reise seg for å få applaus og beundrande
blikk.
Eventuelt
Frida
orientert om neste steg i arealplanen, samfunnsdelen. Frida vil gjere ha innspel
kva verdiar ein vil at Askvoll kommune skal ha i framtida. Dette vert da nok
meir orientering om etter kvart.
Møte vart
dermed heva.
Heidi
fekk applaus for arbeidet ho har gjort for grendalaget. Kurt fekk klem hos Anne
Britt, kva Rune fekk oppfatta ikkje sekretæren då han var oppteken med dinna
klemmen.