Basar
søndag 22.februar kl. 16.30 i ungdomshuset
på
Værlandet til inntekt for badebassenget.
Bulandet
idrettslag v/bassengnemnda vil saman med Værlandet idrettslag arrangere basar søndag
22. februar kl. 16.30 i ungdomshuset på Værlandet.
Det vert
gevinstar på loddbøker og åresal. Vi har fått inn mange flotte gevinstar frå
private, handelsstand og næringsliv i Askvoll, Bulandet, Værlandet, Florø og Førde!!
Vi kan m.a. nemne:
Årbok
Sogn og Fjordane, 1993 - 2007, 15 bind - verdi kr. 6.000,-
Rorbuweekend
i Hjønnevåg (Solund).
Overnatting
ved bl.a. Rica Sunnfjord hotell, Førde
pensjonat og Førde gjestehus og camping.
Gåvekort:
Værlandet fiskeredskaper, Skamklyppen frisør, Amfi Flora,
Landøy fiskeopprett, Turids massasje, kiropraktor Siri Solberg m.fl.
+
mange andre kjempeflotte gevinstar som du kan sjå på basaren!!
Servering av kaffe og kaker.
I tillegg til at vi går rundt og sel
lodd, vert loddbøker lagt ut ved
Joker Bulandet og Joker Værlandet. Ønskjer
du å bidra med gevinst kan det leverast til ein av butikkane.
For fastbuande, utflytta øyfolk eller
andre som ønskjer å kjøpe lodd, kan de ta kontakt med Laila Merete Blom på
mobil 905 78 332, så ordnar ho resten.
Ønskjer du å gje eit bidrag til Bulandet
idrettslag v/bassengnemnda vert vi veldig glade - kontonr. 3740.58.03365.
Det vert jobba aktivt med
finansieringsplanen for bassenget.
Vi håpar difor at så mange som mogeleg
vil vere med og støtte opp om basaren!
Vi
ønskjer alle velkommen til ein triveleg
og spennande basar!! J