Bulandet idrettslag – medlemskontingent for 2009

 

På årsmøtet i idrettslaget i januar-09 vart slik medlemskontingent vedteke:

 

Medlemskontingent:       

 

 

Viss du/de ønskjer å vere medlem i Bulandet idrettslag ber vi om at medlemskontingent vert innbetalt  til lagskonto: 3740.07.02404.

 

Merk innbetaling: Medlemskontingent-09 + namn og fødselsår på medlem(mar) i husstanden.

 

Ein stor takk til alle som betaler kontingent, både brukarar av idrettslaget og støttemedlemmar. Det er ei viktig inntektskjelde for laget. Eit stort medlemstal gjev meir støtte frå m.a. Sparebanken Sogn og Fjordane og Norges Idrettsforbund.

 

Grasrotandelen:

 

Du kan også støtte laget ved å velje Bulandet idrettslag som din grasrotpartnar

neste gong du nyttar Norsk Tipping. Din kommisjonær må ha informasjon om laget sitt organisasjonsnummer: 993805769. Det er nok å registrere det ein gong. Meir informasjon om ordninga finn du på www.grasrotandelen.no

 

 

Nytt styre i Bulandet idrettslag 2009 – 2010:

 

Leiar:                Eivind Norstrand    

Nestleiar:         Sigurd Sandøy       

Sekretær:        Kari Helen Blikås  

Kasserar:         Synnøve Melvær    

Styremedlem:  Randi Fedøy          

1.vara:              Sissel Kalvøy Steinsvik    

 

 

Aktivitetar i idrettslaget:

 

Bulandet idrettslag har i dag tilbod om følgjande aktivitetar:

Fotball, volleyball, fotballtennis og aerobic/styrketrening. Treningstider finn du under fana ”Kva skjer” og ”Idrettslag” på heimesida til Bulandet og Værlandet.

 

Har du gode forslag til andre aktivitetar, eller ønskjer å starte opp eit treningstilbod, kan du ta kontakt med ein av oss i styret.