Litt nytt om pengebruken til heimesideskrivarane pr. 21. Mars 2009.

 

Heimesideskrivarane vil gjerne informere litt om dei siste investeringane vi har brukt sponsorpengane til, slik at ein kan sjå at dei vert brukt nogenlunde vetigt.

 

Først og fremst vert sponsorpengane brukt til å betale for leige av dataplass til å ha heimesida ute på internett. Heimesida har begynt å verte stor og krev derfor mykje plass for å lagre data. Vi brukar ein leverandør som heiter Netbox, og som vi kan anbefale på da varmaste, dei er forholdsvis rimelige og har ein utrulig god kundeservice.
Ellers so gjere vi litt andre investeringa for å utvikle heimesida og forhåpentligvis gjere den bedre, samt nokre investeringa for å gjere da lettare for oss heimesideskrivarane so vi ikkje går lei og gje oss på heile greia.
Under her kan de lese litt om dei siste investeringane.

Sidan i fjor sommer har vi kjøpt eit webkamera til, som vi har tenkt å flytte rundt omkring. Under Nordsjøporthelga i fjor var det plassert på Værlandet Båt, og vi finn nok ein lur plass å plassere da under Nordsjøporthelga i år og.  No for tida står det plassert i kontorvindauga til den mannlege heimesideskrivaren. Om dagen ser ein kyrkja i Bulandet og når da er mørkt ute ser ein stort sett ingenting anna enn refleksane frå glasruta.
Vi kjøpte og eit billigt trådlaust webkamera som vi hadde tenkt å flytte rundt omkring. Men ein får da ein betala for, da viste seg at vi ikkje kunne bruke da til å laste opp bilde utan noko komplisert programmering som heimesideskrivarane ikkje hadde haue til å finne ut av i farten, so vi la da på is so lenge. Men da skal ordne seg når dei som har produsert kamera får oppgradert noko som heiterFirmware”, so vi håpa da er klart til sommaren. Ellers må da nemnast at leverandøren av dette kamera har ein kundeservice som er ikkjeeksisterande.

Dei to faste kamera vi har ståande på Joker Værlandet og på Bulandet Fiskeindustri, samt da flyttbare som for tida står i vindauga til den mannlege heimesideskrivaren er av same fabrikat. Fabrikanten heiter Axis, dei kosta litt peng men er greie å jobbe med og dei har ein utrulig god kundeservice dei og.

 

So har vi kjøpt litt programvare. Vi har kjøpt Adobe Acrobat, Photoshop og Dreamweaver.  Når vi har vorte ei nogenlunde seriøs heimeside så kan vi ikkje benytte all slags piratprogram og piratkoda, da kan fort straffe seg i lengden, så vi har investert i orginalprogram i henhold til alle lova og regla.
Adobe Acrobat kjøpte vi sidan vi får tilsendt ein del stoff som er i Adobe Acrobat filer. Når vi hadde berre slik Adobe Reader så kunne vi lese dokument og bilder men ikkje bearbeide da slik som vi kunne tenke oss. Da er litt dumt berre å ha masse linkar til ei fil på heimesida, og so er da litt dumt å stadig spørje dei som sender oss stoff om ikkje dei kan sende da i eit anna format. So då kjøpte vi Adobe Acrobat slik at vi kan lagre filene vi mottek som vi vil, vi vert mykje meir fleksible og slepp som tidligare å bruke timesvis på å skrive av dokument som vi får tilsendt.
Photoshop kjøpte vi for å gjere bilda på heimesida bedre. Her har vi mykje å lære enno, men vi kava no i da. Vi forminska bilda på heimesida mykje for å få dei til å ta minst mogelig plass og raskast mogelig til å laste opp, men da går ut over kvaliteten på bilda. Vi håpa å forbedre dette slik at alle bilda skal verte skarpe og fine. Uansett so har vi alle bilda i orginalformat dersom nokon ser eit bilde dei har lyst å bruke til eit eller anna.
Dreamweaver er eit program for å lage heimeside og legge da ut på internett. Programmet vi bruker i dag har gått ut av produksjon for lenge sidan og kan verte kutta ut kor tid som helst, vi er rett og slett gruelig gamaldagse. Vert programmet vi bruka i dag kutta heilt ut so blir da skikkelig krise, men krisa vert betydelig minimalisert når vi har kjøpt dette nye programmet. Vi må berre lære oss å bruke da først, men vi kava no med da og for tida.

 

Den siste investeringa vi har gjort er å kjøpe A3 skanner med A3 skrivar. Vi hadde egentlig berre tenkt å kjøpe A3 skanner, men skrivaren hang fast i skanneren og so var da var i grunn eit skikkelig billig kjøp.
Årsaken til at vi ville kjøpe ein A3 skanner var for å kunne skanne bilder, hovedsakelig frå gamle dager. Vi har hatt mange bilde frå gamle dager som vi ikkje har klart å få inn på dataen. Da er fordi bilda heng på veggane hos folk i store rammer. Rammene er for store til å få skanne dei med ein vanleg A4 skanner, og so er dei so godt fastspikra at vi ikkje torer å rive dei sund for å ta ut bilde inni. Når vi har A3 skanner skal vi klare å få dei aller fleste bilder som er i rammer inn på dataen.
Er da nokre som har bilder frå gamle dager som dei kan tenke seg å dele med resten av verda so må de berre gje beskjed til heimesideskrivarane, vi verker i fingrane etter å få lagt dei ut på heimesida.
I og med att da heng ein farge A3 skrivar fast i skanneren so egna den seg og ypperlig til å lage plakata med. Er da nokon som vil lage ein plakat eller hundre, eller ha eit bilde med flotte farga i A3 format so er heimesida behjelpelig med da. For å dekke inn utgifter til papir og fargepatroner og slikt so tek vi nokre kroner pr. ark, men alt vil gå til heimesida sjølvsagt. Sponsorane kan nytte den gratis, so sant kvantumet er innafor rimeligheitens grenser.

Her er bilde av da nye vidunderet som heimesida har investert i.

 

So må vi berre få lov å takke sponsorar og bidragsytarar til heimesida.
Utan sponsormidlar, blide og imøtekommande folk når heimesideskrivarane kjem med fotoapparet sitt, ein jevn tilflyt med bidrag av historier, bilder, tips og vetige innlegg i gjesteboka pluss litt skryt i ny og ned, så hadde heimesida vore parkert for lenge sidan.

 

Beste helsing Kurt og Linda.