Kong
Christian V sine 18 tip-tip-oldeborn i øyane her ute.
Dorte Sofie Ulriksdotter sine foreldre var begge danske:
Ulrik Christian Gyldenløve (son til Kong Christian den 5.) og Sille Catarina
Kierulf. Sille gjekk gravid og bar kongens barnebarn når ho kom til Bulandet i
1715 og gifta seg med Engel Andersson Værøy. Dei busette seg på
Musøy/Hellersøy.
Dorte Sofie Ulriksdtr. Musøen f.1715 d.1767
g. 1734 m. Arne Arneson Smilden
f.1708 d.1762. Br. 1735.
Dei fekk 7 born. Dorte Sofie var 19 år når ho fekk sin førstefødte, Ide, og 37 år når ho fødte
siste, Marie. Dorte Sofie gifte seg andre gong i 1764 med Villum
Andersson Gjelsøen f.1736, d.1767. Ho var då 49 år og
han 28 år. Dei fekk ingen born saman.
50 år etter Kong Christian 5. sin død i 1699, i 1752 hadde
han fått 7 oldebarn i Bulandet. Kun 3 av desse vaks
opp og fekk etterkommarar. Desse 3 står med utheva skrift:
Ide, døydde som 8 åring, f. 1734 d.1742
Peder Arneson
Hillersøy, omkom i ulukka 30 år,
f.1737 d.1767. Kjempenes 25.
1 barn, f.1740 døydde kun 5 dgr gml.
Matias, f.1742, ingen opplysningar.
Ide, omkom i ulukka berre 23 år, f.1744 d.1767.
Kristian
Arnesson Hillersøy drukna 62 år, f.1749 d.1811. Hillersøy 26.
Marie Arnesdtr
Musøen Hillersøy døydde 38 år, f.1752 d.1790. Herland 106
(Jonas sitt 2.ekteskap her). Marie vert også nevnt
som Mari og Marith.
Mange i denne vesle familien omkom i den tragiske ulukka på
Aldefjorden 12. desember 1767. Mor Dorte Sofie omkom med sin andre ektemann, to
av sine born, Peder og Ide og Peder sitt 3.barn som skulle heite Dorte (truleg
etter farmor). Ein 6. person omkom også
i ulykka. Dei var på veg frå Bulandet til Vilnes for å døype barnet. Meir
informasjon om personar og hendinga i Askvoll Bygdebok.
Peder Arneson Hillersøy var gift to
gonger og i sitt andre ekteskap fekk han 3 born.
Kristian Arneson Hillersøy var gift ein
gong og fekk 13 born.
Marie/Mari (Marith) Arnesdtr Musøen Hillersøy var gift ein gong og fekk 5 born.
I året 1805 hadde Kong Christian 5. fått 21 tipoldebarn i øyane her ute. Av desse døydde mange i
tidlege leveår og på 1800-talet finn ein etterkommarar etter berre 7 av desse i
Askvoll Bygdebok. Desse 7 er; 6 av Kristian sine 13 born og 1 av Marie sine 5
born. Desse 7 har fått nr 1-7 nedanfor.
Mulig der også finnes etterkommarar etter 1 av Peder sine
born: Mari Pedersdtr Musøen
si dotter: Anne Karstensdtr
Herland f.1805 d.1883. Ho var gift i 1827 sjå Hindøy 21. Der står at dei flytta til Moldøy
men der er ingen opplysningar om born etter ho.
Kristian Arnesson Hillersøy f.1749 d.1811
drukna 62 år gammal, g 1771 m Susanne Eriksdtr.
Melvær. Br. 1771. Dei fekk 13 born, desse 6 med etterkommarar:
1.Erik Kristianson
Hillersøy, Fedøy 28.
2.Peder Johan Kristianson Hillersøy, Hillersøy 28
3.Jonas Kristianson Hillersøy, Sandøy 38
4.Jørgen Kristianson Hillersøy, Nikøy 18
5.Matias Kristianson Hillersøy, Sandøy 38
6.Ales Kristiansdtr.
Hillersøy, Sandøy 40
Marie/Mari (Marith) Arnesdtr Musøen Hillersøy f. 1752 d. 1790 døydde berre 38.5 år gammal, g
1778 m Jonas Hansson Melvær.
(hans 2. ekteskap). Dei fekk 5 born, kun ei med
etterkommarar:
7.Alet (Alis) Jonasdtr Herland, Melvær 26
Desse 7 fekk til sammen 50 born
men kun 18 av desse borna voks opp og/eller ein kan
finne etterkommarar etter dei i Askvoll Bygdebok. Desse 18 er Kong Christian 5.
sine tip-tipoldebarn født på 1800-talet i øyane her
ute. Under er navna på dei. Dei har nummer frå 1 til
7 føre namnet, etter kven av dei 7 ovanfor, dei ættar frå. Det andre talet er
nummer frå 1-18. Navn på øy med nummer bak, viser til
informasjon om dei i Askvoll Bygdebok.
1.Erik Kristianson Hillersøy f. 1776 d. 1850, g I.1801 m Mari Tomasdtr Melvær. G II 1804 m Synneve Jensdtr Ask-Reien. Av 10 born har kun 2
etterkommarar:
1.1
Tomas Erikson Fedøy,
f.1801 d.1848 gift I.1826 og
gift II.1845. Hågøy 21.
1.2 (Arnol-) Dine Petrine Eriksdtr. Fedøy, f.1822 d.1860. Gift 1850. Fedøy 29.
2.Peder Johan Kristianson Hillersøy f.1783 d.
1844 g 1811 m Johanne Josefsdtr Værøy.
Dei fekk 7 born, 5 av dei
har etterkommarar:
2.3 Sivert
Pederson Hillersøy, f.1813 d.1850. Gift 1840. Hillersøy 29.
2.4 Jonas
Pederson Hillersøy, f.1815 d.1889. Gift 1847. Dalsnes 53.
2.5 Dine
Pedersdtr. Hillersøy, f.1819 d.1893. Gift 1843. Melvær 29.
2.6 Lene
Pedersdtr. Hillersøy, f.1822 d……
Gift 1857. Strømmen 135.
2.7 Rakel
Pedersdtr. Hillersøy, f.1827 d……..
Gift 1849. Hindøy 22.
3.Jonas Kristianson Hellersøy f.1786
d.1820 g 1812 m Katrine Larsdtr Sandøy. Dei fekk 3 born, 1 med etterkommarar.
3.8
Kristian Jonasson Sandøy,
f.1814 d.1892. Gift 1840. Sandøy 42
4.Jørgen Kristianson Hillersøy f.1788
d.1852 g 1816 m Arnoldine Jensdtr
Ask. Dei fekk 8 born, kun 2 av dei med etterkommarar.
4.9
Johanne Kristine Jørgensdtr Nikøy,
f.1816 d.1880. Nikøy 20.
4.10
Johanne Jørgensdtr. Nikøy,
f.1829 d…. Gift 1829. Nikøy 22.
5.Matias Kristianson Hellersøy f.1790 d.1833 g m Katrine Larsdtr
Sandøy (hennar andre ekteskap). Dei
fekk 2 born, 1 med etterkommarar.
5.11
Jonas Matiasson Sandøy,
f.1824 d.1884. Gift 1855. Fedøy 31
6.Alis Kristiansdtr Hillersøy f.1794 d.1862 g 1816 m Ole Olson
Sandøy. Dei fekk 4 born, 2 med
etterkommarar.
6.12
Ole Olson Sandøy, f.1818 d.1886. Gift 1853.
Alisøy 37.
6.13
Tomas Olson Sandøy, f.1829 d.1897. Gift 1865.
Værøy 107.
7.Alis Jonasdtr Herland f.1784 d.1860 g 1805 m Knut Tomasson
Melvær. Dei fekk 12 born. Mange døydde i tidleg leveår og kun 5 har etterkommarar.
(Erik fekk ôg born men ingen etterkommarar vidare er å finne, så han har eg ikkje
tatt med.)
7.14
Martinus Knutson Melvær,
f.1806 d.1838. Gift 1835. Melvær 28.
7.15
Mari Knutsdtr Melvær,
f.1817 d. 1859. Gift 1841. Vilnes 131 (Jakob Sande).
7.16
Jonas Knutson Melvær,
f.1813 d.1896. Gift 1843. Melvær 29.
7.17
Siborg Knutsdtr Melvær, f.1819 d.1908. Gift 1845. S-Eimind 35.
7.18
Tomas Knutson Melvær,
f.1824 d. 1879. Gift 1849. Hindøy 22.
Etter det eg kan finne, er det kun desse 18 som ber det blå blodet vidare
100-150 år etter at Sille fødte Dorte Sofie Ulriksdtr. i Bulandet. I generasjonane
utover 1900-talet og vidare er det svært mange etterkommarar. Mange greiner går òg til USA.
Kanskje kan du finne dine oldeforeldre her?
God fornøyelse.
Med helsing,
Anita Søreide. Etterkommar etter 7.16 Jonas Knutson
Melvær.