Merknad frå heimesideskrivarane:
Dette er avskrift av eit intervju elevar frå 7.-9.  klasse på Bulandet skule gjorde i januar 1995. Orginalen finnast i Temaparken.
Intervjua som blei gjort omhandla kvardagslivet under 2.verdenskrig.
Her er da Torbjørn Sandøy som har vorte intervjua. Intervjuerane er Grethe Hillersøy og Oddvar Kjæmpenes.

Intervju med Torbjørn Sandøy januar 1995.

Vi har fått i oppgåve å intervjue Torbjørn Sandøy om skulen. Han seier at vi må komme inn og setje oss. Vi startar med ein gong.

Korleis fekk du vete at krigen var begynt?
-
Vi høyrde det på radioen. Vi hadde radio heilt til Gestapo kom. Då vart radioen på Hillersøy øydelagt. Og den som var på Sandøy, tok tyskarane då dei kom i 1943.

Torbjørn fortel at han var 10 år då krigen kom til Noreg. Han gjekk på skulen under heile krigen, i det gamle skulehuset på Kjempenes. For å komme seg til skulen måtte han ro. Men var det styggeveir, fekk dei skyss.

Kva fag hadde de på skulen?
-
Vi hadde matte, naturfag, geografi, skjønnskrift og kyrkjesoge. Vi hadde 5-6 lærebøker på kvar på skulen.

Korleis var lærarane?
Han tenkjer.
- Vi hadde tre lærarar under krigen: Henrik Lien, Stokke og Kjartan Lausnes.
I gym hadde dei slåball. Fleire gymtimar i veka viss det var fint veir. Var det stygt veir kunne det gå veker mellom gymtimane, for "gymen" måtte dei ha ute.
Om vinteren vart det lite med gym, men til gjengjeld var det mange snøballkrigar, og då var lærarane utsette.
Ein dag ein av lærarane skulle hente ved, var han så uheldig å seie at dei kunne få kaste snøballar på han. MEN ikkje på nasa hans, for den var så stor og spiss. "Stakkars" Torbjørn hadde duppa snøballen sin i vatn og fått ein skikkelig isball. Han kasta den rett på nasa til læraren og "kløyvde" nasa hans. Men læraren sa ikkje eit ord.
I 1943 kom tyskerane og tvangsflytta alle på Sandøy. Dei fekk 3 dagar på å flytte og Bulendingane og 6-7 kvalfangstskøyter hjalp dei å flytte. Dei tok med seg alt i hus og sjøhus, unntatt høyet til dyra. Det fekk dei hente utpå hausten. Dei leigde eit hus som sto der Ingolf Fedøy sitt hus står no.

Kva med mat? Var det noko du ikkje fekk tak i?
-
Smør og mjøl var det vanskeleg å få tak i. Elles fekk vi det meste. Vi åt 2 middagar om dagen med fisk. Ein midt på dagen, og ein om kvelden, for å spare.

I 1944 skulle Torbjørn komfirmere seg. Men fordi presten var nazist, komfirmerte han seg i Sula.

Korleis fekk du vete at krigen var over?
-
Eg og bror til bestefaren min låg ved "Kloppen" og skulle dra ruser. Vi låg og snakka med Georg då vi såg at dei hadde heist flagg i Kalvøy. Dei som hadde heist det, var nokre menn som låg i bua for å ordne nokre laksegarn. Vi rodde ut og fekk vete at det var fred. Det var i 12:00-13:00 tida.

Korleis feira du freden?
-
Vi feira det ikkje på nokon spesiell måte, men tyskerane skaut opp fyrverkeri så heile himmelen var heilt opplyst av fargar. Dei var visst glade for at krigen var slutt, sjølv om dei hadde tapt.

Grethe Hillersøy.
Oddvar Kjæmpenes.