Referat
frå allmøte om arealplanen, Bulandet Skule,
onsdag
10.september 2008 kl.17.30.
Heidi orienterte: Grendalaget har motteke diskusjonsframlegg/forslag
frå konsulenten som arbeider med arealplanen. Arealplanen skal ut på høyring. Den
endelege planen skal rullerast kvart fjerde år. Forslaget til arealplan er laga
ut ifrå alle innspela som konsulenten har motteke i samband med planen.
Allmøtet må ta stilling til kva for områder vi meiner det er best å setje av
til å ta ivare Blåstjerna (Scilla verna), og kvar vi meiner ein skal ta omsyn
til strandsona. Viss ikkje vert dette bestemt av andre. Blomsterforekomsten er
stor over heile Bulandet, først og fremst der graset har vore slått eller der
det har vore beitemark.
Konsulenten har merka av sitt forslag på kartet. (vedlegg)
1)
LNF område, (kvitt område) Her vert det etter
reguleringa enda strengare reglar enn det er i dag.
2)
LNF med spreidd busetnad. (område merka med skrå
strek)
3)
Reguleringsområde med tett busetnad ut frå offentleg
reguleringsplan. (område merka med gult)
4)
F : kaste- og låssettingsplassar
5)
A: aquakultur områder
Kommentarar og forslag til endringar:
Kaste og låssettingsplassane må vurderast. Her er registrert eindel
gamle plassar som ikkje er nødvendige lenger, til dømes låssettingsplassen
mellom Hågøy og Gjørøy. Her må
fiskarlaget inn å gi avkall på områder som kan fjernast. Styret i fiskarlaget
v/ Geir Landøy og Norvald Fedøy må sjå på den saka.
Er det slik at når planen trer i kraft, er vi nøydd til å bruke dei
regulerte områda før det i det heile tatt er vits i å søke om å bruke andre?
(gult eller skravert område)
Allmøtet meiner at konsulenten i sitt forslag har definert for mykje
som LNF område.
Allmøtet hadde ønskja at heile Bulandet hadde vore LNF område med spreidd
busetnad. Det hadde vore det ideelle med tanke på å fremje busetnad og næring.
Det er viktig at bygda har mellom anna har tomter å tilby til etterkommarar og
tilflyttarar. Allmøtet kommenterte at Blåstjerna veks der folk bur og steller
jorda. Dersom områder vert freda vil dei gro igjen, og dette vil få negativ
verknad på blomen. Kulturlandskapet vert teke best vare på der folk bur.
Område frå Engelvågen må merkast med gult (sjå kart med forslag til
endring)
Sandøy: Området ved Sandøyvågen og der det allereie er busetnad vert
LNF med spreidd busetnad. Resten på vest sida og nordsida kan vere LNF område,
område der vi ivaretek Blåstjerna og strandsona. LNF område kan det og være på
vestsida av Halsøyhågen.
Norheim: Allmøtet vil utvide til tomteområde (som vist på kart)
Thistelen: skal merkast med gult for busetnad.
Gjørøyna: Her må og området for spreidd busetnad utvidast på nordsida
av vegen.
Allmøtet meiner og at det må regulerast til bustadfelt i Gjørøyna slik
det vart sagt i førre høyringsrunde. Dette området er godt egna for busetnad og
næring.
Langøyna: Her har allmøtet forslag om hamneområde med djupvasskai.
Hillersøy: Her må område der det allereie er busetnad merkast gult. I
tillegg kan det gule området utvidast sørover. (sjå kart)
Søre Nikøy (frå Bakarfjæra til Petter sitt hus) må og merkast gult.
Holmen ved Frank Hatlø sitt hus er industriområde og må merkast. Gul
farge skal det og vere på holme aust for kyrkja. Slottet sørom Halsøyna og
nordlege del av Klubben (ved Bill).
Ei evt. småbåthamn kan regulerast ved Hågøy.
Det er elles viktig at folk får ha båtane sine der dei bur. Store felles
båthamner er lite teneleg og samsvarer ikkje med det som er særmerke her ute.
Der er heller ikkje mange område det er aktuelt med slike båthamner.
Bustadområde i Melvær må flyttast til andre sida av vegen, der det
allereie er satt opp bustad.
Det er førebels ikkje konkrete planar med omsyn til vindmøllepark i
Bulandet og Værlandet, men allmøtet fekk spørsmål om kva vi meiner om det. Det
er vanskeleg å uttale seg om dette når vi ikkje har noko konkret forslag om kor
mange vindmøller det kan vere snakk om. Vi har heller ikkje noko oversikt over
konsekvensane dette vil ha. Denne saka må vi evt kome tilbake til.
Astri refererte litt frå innspela som Værlandet Vel hadde i samband med
arealplanen.
Allmøtet sine forslag til endring vert lagd ut til gjennomsyn på
butikken laurdag. Grunneigarar og andre kan enno kome med forslag til endringar
på arealplanen.
Astri og Heidi møter i teknisk utval måndag 15.september, der saka vert
diskutert og innspela frå allmøte teke med i den vidare prosessen med
arealdelplanen.
For styret i Bulandet Grendalag
Eva Solum
vara for sekretær
Leiar: Heidi Kjempenes