Årsmøte i Bulandet Grendalag 05.04.08
Møtestad:
Ungdomshuset i Bulandet. Kl. 16:00
Deltakarar frå styret: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Frank Hatlø,
Bill Steinsvik, RuneThisten, Randi Fedøy.
Vara:Eva Solum, Jardar Melvær
20 1/2 møtedeltakarar utenom styret. ( Den halve møtedeltakar låg i barnevogn og fulgte ikkje
so nøye med på møte, men kjem nok sterkt tilbakers med åra.)
Årsmelding for 2007 opplest: Godkjent utan
krangel.
Rekneskap : Nordsjøportkontoen skal vere
ein eigen konto som begge laga ( Bulandet Grendalag og Værlandet vel skal disponere. Det skal til ei
kvar tid stå min. kr. 10 000 på denne kontoen, det resterande
overskotet frå i fjord vert ført over til Bulandet grendalag sin lagskonto. Desse pengane skal nyttast i samband
med arrangement i løpet av nordsjøporthelgar eller
til andre tiltak for bygda sitt beste. Styret fekk
årsmøtet si godkjenning til å disponere desse midlane på best mogeleg måte. Det
har vore brukt lite pengar
av lagskontoen i fjord, dette fordi kommunen har dekka utgifter i samband med
møter. No må laget sjølv
dekke slike utgifter dersom vi vel å sende folk på møter.
Orientering om arealplan: Heidi orienterte. Vert møte med grunneigarane seinare, det vert
og kalla inn til opne folkemøter ang. arealbruken.
Viktig å få inn bruksendring på sjøbuer og gamle fjøs som eit
eige tema i planen.
Ferje: 15.aug 2008 må anbud leverast inn. I høyringsuttale frå fylkeskommunen til ny NTP er det komme
inn eit eige punkt om øysamfunn
som berre har ferje som transportmiddel.
Då det tidlegare vart sagt at anbodet
skulle tre i kraft frå 1.1.2009 må vi arbeide for å få på plass obsjonen som inneheld 3 ekstra ruter i veka
alt frå neste år av. Det er urimeleg å måtte vente på
dette til i 2011.
Det vert
arbeidd for å finne alternativ finansiering av Atløysambandet.
Grendalaget har hatt møte med Atløy vel , vi har og komme med innspel til arbeidsgruppa som
arbeider med sambandet. Eit av krava er at ferjekaia
vert liggande på sørsida, beredskap på ferja dersom Ambulandebåten vert fjerna. Pendlarrute,
fleire avgonger og at bussen må fylgje ferja ved dei fleste avgongane. Målet må vere at vi får eit betre tilbod enn det vi har i dag og at reisetida frå Værlandet
til Askvoll ikkje vert lengre.
Farleg skuleveg: Frank fortel. Tv innslaget nettopp var veldig
viktig og da har komme positiv respons, som mogeligt kunne ha drege i langdrag utan
media. Brev har komme om att vegvesenet kjem ut ein av dei nærmaste dagane. Frank held på med ny skuleveg
prosjekt, men vil vise det til grunneigarar fyrst.
Prosjektet skal i tilfelle godkjenning sendast til ”Aksjon skuleveg”, der fristen for innspel er 1. desember kvart år.
Da er søkt om midlar til spegla
og trafikklys frå Gjensidige fondet.
Badefjøra: Ikkje hurtigarbeidande komite nedsatt. Dugnadliste vil verte lagt ut på
nett, for rydding og ål age benkar og sånt. Mogeligens vert da brukt litt penga
på å kjøyre fram skjelsand
og grave litt med gravemaskin her og der.
Plenklypping ved aldersbustaden: Fungerer fint og vil fortsette med dugnadsliste i år. Eva skal henge
opp ny liste.
Rydding i fjørene: SUM vert kontakta om kva dag dei han hente ekstra boss, Frank snakka med SUM. Eventuell ryddedag vert annonsert, og alle kan rydde etter eiga samvittigheit
Nordsjøporthelga: Program
ute på nett. Går etter planen.
Bulandet
vert hovedarrangør i 2009, og vi må allerede no start
med å forhøyre oss om båtar
og sånt som kan vitje oss. Ikkje noko
spesifisert plan enno, men ting er på gong. Bulandet
står for arrangementet sundag i noverande
år. Familiedag ved Nikøy
med sjøen i fokus. MS ”
Hillersøy” skal stille opp. Kurt skal være
skummel sjørøvar med Rune som skummel
båtførar, sikkert mest skummelt for dei som er på sjørøvarsida. Turar med rib-båt , Pitter stiller med sild på bua
, komite beståande av
Heidi, Ruth L, Eli R og Torunn arbeidar viare og tek i mot gode idear med
takk.
Diverse:
Gravplassen: Må utvidast straks.
Saka ligg hos biskopen. Brev frå grendalaget sendast til kommunen for å få fortgang. Da er berre 6 plassa att på noverande gravplass. Vi håpa av alt vårt hjerte att da held
lenge, men da tek tid å utvide, so fortgang i sakshandsaminga er påkrevd.
Brannvern: Kommunen går for
midlertidig depot på ferjekaien på Værlandet. Vi håper depotet i Bulandet vert oppretthaldt, skal jobbe for det. Sjølvsagt
i tillegg til depotet på Værlandet.
Frank orienterer og vil ha hjelp til å utøve ”press” mot omverden. Spesiellt må rederia være bevist på kva
slags verdiar dei har liggande i fiskeredskap på buene sine, og synliggjere dette. Dårlig kommuneøkonomi gjere ikkje saka bedre.
Badebasseng: Bill fortel. Ikkje noko nytt. Venter på ekstraordinære midlar
frå fylket. Bill og resten av gjengen gjere so godt dei kan.
Lyset/vatnet forsvinn. Vatnet
forsvinn når lyset fer, og da er ikkje
so skjeldan..
Kan vi jobbe for aggregat ved pumpestasjonen, som starta pumpa når lyset
går? Eit godt innspel som grendalaget
skal jobbe vidare med.
Nyttårsraketter på Kjempenesbrua. Grendalaget har fått oppfordring om å finne ein annan plass å skyte opp sånne greier. Til nyttår er da
forbudt å sende opp anna enn rakettbatteri frå bakken. Sekretæren Kurt, som er ein ihuga rakettoppskytar sjølv, dog ikkje frå Kjempenesbrua, blei oppfordra til å finne på noka. Da skal han, berre han vert
minna på da når da nærma seg nyttår. Kvifor ikkje finne på noko koselig alle
kan være med på, uansett alder eller nyttårstemning i haue.
Forslag mottakast med takk.
Val: Ruth fortel frå valnemda.
Randi Fedøy trekk seg, ellers står alle andre for gjenval. Arne Fedøy har sagt seg , nesten uoppfordra, til å verte
ny styremedlem. Anita Rogne trekker seg som varamedlem,
men vi er dekka sopass opp att vi treng ikkje velge ny vara enno. Ny valnemd er Vivian Vatnøy ,Helge
Norheim og Øyvind Thistel
Revisor
Irene Thistel ( Revider rekneskapen for 2007)
Konstituering. Leiar : Heidi Kjempenes. Nestleiar:
Frank Hatlø. Styremedl.
Arne Fedøy. Komm, sin repr.
Bill Steinsvik. Kasserar Rune Thistel.
Skrivar Kurt Rutledal. Vara: Jardar Melvær. Eva Solum ( varaskrivar).
Per Arild Tysse ( Varakasserar)
Det vert halde møter
etter behov. Leiar kallar
inn.
So gjekk
alle kvar til vårt og var vel fornøgd.