" Ein tung dag for lærar Rogne"
Han kunne vel ikkje ha det lett han som skulle bringe fram
beskjeden til lærar Rogne heller. Foran seg såg han skulehuset. Der var
Værlandsongane samla i skulestova med læraren sin i ein vanleg skuletime.
Lærar Rogne var berre 43 år gamal. Tankane hans var ofte heime i Bulanda hos
kona, ho Maria, og dei seks små ongane. Han som nærma seg skulehuset kom med ein
beskjed til lærar Rogne, så tung at knea ville ikkje bere, han hadde mest lyst
til å snu. Om nokre minuttar skulle han fortelje Rogne at kona hans var drukna.
Dette var ein oktoberdag i 1902. Ho Maria hadde fått besøk av bror sin, han
Andreas, som var heime frå Amerika. Desse to fant ut at dei skulle ta ein tur å
besøkje farsyster si i Storakersund, og på heimvegen, då dei var komne til
Melvær, siglde dei rundt og drukna begge. Det hadde roke opp til storm. Dei fant
att henne Maria, ho flaut, dei meiner det var fordi ho var gravid. Men han
Andreas fant dei ikkje.
Dette var beskjeden lærar Rogne fekk denne skuledagen på Værlandet. Av dei seks
borna han hadde heime i Gjelsa, var den eldste 12 år, korleis var det dar i
huset på slik ein dag.
Når det gjeld Rogne sjøl, så er det vel berre han sjøl som veit kva som rørde
seg i bringa. Det er fortalt at han litt etterpå begynte å gå sørover i marka.
Gamle- Hittunen heldt auge med Rogne der han for ruslande, truleg var Hittunen
urolig for han. Då Rogne var ute av syne, sende gamle-Hittunen ein av gutane
sine på ca. 12 år, slik at han kunne halde auge med den fortvila og nedbrotne
stakkaren, men utan at Rogne behøvde å vete om dette. Men Rogne oppdaga guten,
kalla han til seg og sa: " Du kan seie til far din at dei treng ikkje vere redde
for meg, eg vil berre vere åleine ei stund", og guten gjekk heim med beskjeden.
Det var kvelden før at denne ulukka hende. Noko underleg er fortalt om ei kone
ute i Bulandet som om kvelden hadde lagt seg for å sove. Plutseleg fekk ho sjå
to store og ei lita stjerne på veggen framfor seg. Ho tenkte det må være eit
varsel, men forstod det ikkje, før ho dagen etter fekk høyre om dei som var
drukna, og at ho Maria var med barn, då sa ho: "Ja då forstår eg meininga med
den minste stjerna".