Møtereferat frå Bulandet Grendalag
20.02.07
Møtestad:
Skulen
Deltakarar:
Heidi Kjempenes, Eva Solum, Jardar Melvær, Randi Fedøy, Reidun Melvær, Per
Arild Tysse, Anne Britt Sandøy
Skrivar: Kurt Rutledal.
Sak 1: Årsmøte
Årsmøte blei fastsatt til laurdag 24. mars klokka 15:00 i ungdomshuset. Kurt
henger opp plakat med saksliste når da nærma seg.
Sak 2: Kontakte valkomiteen
Ruth og Bente må sette i sving valkomiteen. Anne Britt trekker seg frå styret
og ny medlem må velgast.
Sak3: Badefjøra. Kontrakt, Eiga badefjære nemd.
Kontrakt er laga men skal modifiserast litt. Frank har sagt seg villig til å
være med nemda, andre vert forespurd på årsmøtet.
Sak 4: Info om
ferja.
Sambandet skal ut på anbud i år, mens ellers er da lite nytt og fortelje.
Sak 5: Rekneskap
Anne Britt gjekk gjennom regnskap. Totalen er 4 tusen meir på kontoen i år.
Detaljane vert framlagt på årsmøtet. Skrivar må huske å skrive årsmelding.
Sak 6: Nordsjøporthelga.
Frida,
Reidun, Kristin og Frank er i nemda og har komme godt i gong med arbeidet.
Heidi
fortalte litt om kulturplanar rundt Nordsjøporthelga. Da vert både skotta, spelemenn,
dans, musikk og mykje anna kjekt. For detaljar kan ein sjå på Nordsjøportprogrammet
som ein finn under Nordsjøportknappen på heimesida.
Sak 7: Velkomstpolitikk.
Heidi
viste presentasjonen som blei synt for kommunen på kommunal dag 19.02.07
Presentasjonen vakte stor begeistring. Værlandet Vel og Bulandet Grendalag
hadde presentasjon saman, og var dei einaste som stilte opp.
Sak 8: Hjartestartar.
Kontrakt er forlenga eit år med opplæring. Grendalag må ta på seg utgifter
til batteri og andre driftsutgifter deretter.
Sak 9: Samarbeidsprosjekta med Skotland og
Shetland.
4
prosjekt skulle gjennomførast, og 3 av desse er ferdig. Heidi fortalje kva
arbeid som er gjort. Torsdag 22.02 klokka 20:00 vert da møte på gamleskulen på
Værlandet som informerar om arbeidet som er gjort.
Sak 10: Dugnadsliste på butikken vedr. plenklypping.
Ei liste med kalender vert hengt opp på butikken, der ein kan melde seg på
dugnad med å klyppe plenen rundt aldersboligen. Fyrstemann til mølla får lov å
være med. Randi skal lage liste og henge opp.
Sak 11:Eventuelt
Heimesida har kjøpt webkamera og heimesideskrivarane skal no begynde å
forske på korleis ditta virka.
Innspel til rutetider er gjevne og innspela er uforandra sidan forrige innspel..
Statens
vegvesen har sendt eit hefte med tegningar som skuleborna her ute har laga om
vegen vår, heftet skal vi prøve å få lagt ut på butikken til felles glede.