Fellesmøte Bulandet Grendalag/Værlandet Vel/
Nordsjøportnemda 14.06.07
Møtestad:
Skulen
Fyrste del gjaldt Nordsjøporthelga.
Deltakarar:
Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Astri Thorsen Landøy, Randi Fedøy, Frida
Melvær, Jardar Melvær, Linda Landøy, Elin Blom Vesterås, Rune Thistel.
Linda las
opp program for Nordsjøporthelga.
Barnehagen
skal bli invitert til å bli med ein time kvar dag på dansekurs. 9.klasse skal
være parkeringsvakter under marknaden på lørdag.
Skottane
spela sekkepipe på ekspressen frå byn når dei kjem. Da gjorde dei i fjor og,
med stor suksess. Dei tek nok ein pause av og til, so da er berre å ta
ekspressen for dei som ikkje lika sekkepipe og.
Jardar
skal være konfransier på lørdag.
Refererar
ellers til oppdatert program på heimesida.
Andre del
var fellesmøte mylja Bulandet Grendalag og Værlandet Vel.
Frida og Elin gjekk og Nina Etterlid, Roar Landøy, Bjørg Landøy og Bengt Ronny
Landøy Midtbøen kom til.
Fellesmøte.
Styrevedtak
på at Bulandet Grendalag låner pengar frå veilyskonto/lagskonto for å betale
frakt av Skotta. Ein skotten har no lagt ut masse penga frå eiga lomme for å
betale frakt. Penga til sånt kjem frå kommune og fylke, men i ettertid. Da er
dumt at skottane må legge ut masse penga av eiga lomme for so å få att pengane
seinare, grendalaget har då bestemt å forskottere dissa pengane.
Skilt på
ferjekaien.
”Sjå deg
ikkje attende” . Skiltet er berre foreløpigt, og no vert da fjerna vist vi
ikkje betala for da. Da vil koste 25 tusen kroner , pluss leige av skiltstativ.
Linda skal forhøyre seg om nokon vil sponse ditta her, vist vi ikkje finn
sponsorar so har ikkje nokon av grendalaga råd til å betale for dette.. Får vi
da vil vi ha da, vist ikkje so har vi ikkje råd.
Drosjeløyve.
Vi treng
drosje, men korleis skal vi få da til? Ein eller annan privatperson som har
lyst og anledning må søke om løyve. Vi legg ut på heimesida ein epsitel der vi
oppfordra folk om å søkje om sånt løyve.
Lagar og
plakat som vi heng opp på butikkane, med søknadskjema.
Branndepot.
Dei har
ein bil på Askvoll som vi kan få ut her. Den kan stå i lagerbygningen på
ferjekaien på Værlandet. Vi er einig om å ta imot bil og utstyr , so diskutera
vi permanent plassering seinare.
Eventuelt.
Etter
Nordsjøporthelga vert da eit evalueringsmøte, var vi diskutere kva som var lurt
og kva som var mindre lurt og kva som var skikkeligt toskje. Forhåpentligvis
vert da minst diskusjon om siste kategori.
Ferjelemmen
på Værlandet skal bytast ut. Da vil ta 2 dager. Tirsdag og onsdag etter
Nordsjøporthelga, da vil sei 3. og 4. juli, vert ferjekaien stengt. Ferja går
opp i havna, men tek berre passasjerer dei dagane. Nærmare opplysningar kjem på
heimesida.
Badefjera
i Gjørøyna er begynt å sjå fin ut. Er rydda og stelt. Gjenstår å spikre nokre
bord og benker.
Møte
slutt 20:52