ALLE I REISELIVSNÆRINGA PÅ VÆRLANDET OG I BULANDET

OG ANDRE INTERESSERTE:

 

DET VERT MØTE OM

 

 



I GAMLESKULEN PÅ VÆRLANDET TYSDAG 1.MAI 2007 KL 19:00

 

 

Forslaget om eit Nordsjøportpass kom fram på kurset om turisme og interpretasjon i samarbeids-prosjektet mellom Nord Skottland og Sogn og Fjordane på Værlandet i vinter. Reiselivsnæringa syntes ideen var så god at vi ville gå vidare med den.

 

Ideen bak Nordsjøportpasset er å etablere eit samarbeid mellom alle reiselivsaktørane på Værlandet og i Bulandet som oppmuntrar turistane til å delta på flest mogeleg aktivitetar. For å få dette til, vil turistanetilbod om å kjøpe eit pass på den første aktiviteten dei deltek på. Deretter vil dei få stempel eller bestemte klipp for alle aktivitetar som dei deltek i. Når passet er fullt, eller har fått tilstrekkeleg mange stempel, er tanken at ein skal kunne rive ut ei side i passet som tener som lodd i ei loddtrekning av lokale souvenirar, opplevingar, weekendopphald eller liknande.

 

Reiselivsaktørane er naturlege deltakarar i eit slikt prosjekt, men det er sjølvsagt flott om andre i næringslivet som har lyst å marknadsføre seg overfor turistar også er med.

 

Det er viktig at alle som kan tenke seg og vere representert i Nordsjøportpasset kjem på møtet.

Andre som har ei formeining om passet og utforminga av det, er sjølvsagt også velkomne!

 

Dersom de ikkje kan møte, men vil vere med i passet, ta kontakt med Laila Halsøy (mob. 97092691).