Prolog i høve kronprinsparet si vitjing i Bulandet

 

Då piraten Olav Digre, seinare den Heilage, kom inn til Sauesund,

la han skipa sine, eit på kvar side av sundet og let eit taug henge i

mellom.Skipet til Håkon Jarl kom sørfrå og då det var midt mellom

skipa strekte dei det og vatt det opp under kjølen så skipet hans

kvelva.

Håkon Jarl vart der fanga og tvinga til å forlate landet. Sidan har

ingen frå det norske kongehus, etter det vi kjenner til, stansa i Askvoll

Kommune.Noko vi har stor forståing for. Det er bra at vi i dag slepp

å ty til slike åtgjerder for å få Kronprinsparet i tale.

 

Herr Kongeson, Kronprins og Kronprinsesse.

Når De no er komne til det som er Noregs vestlegaste busetnad, vil

eg fortelje om det vi er best til.

At ingen bur lenger vest enn vi, gjer at vi er noregsmeister i det å bu

lengst vest. Å bu lengst vest har vi gjort sidan då trælen Kark og

Trælkvinna Bråk, for meir enn tusen år sidan vart sette ut på øyane

her for å hauste av det som naturen gav. Produkta frå dei steinute

strender vart sende inn til hovudgarden i fjordbotn og vidare til

marknader i inn og utland. Dette auka velstanden i samfunnet både

lokalt og i landet elles.

At dei etterkvart tok i bruk det bårute havet er naturleg. Då

langskipa tok til å stemne vestover, var det truleg folk frå slike

samfunn som sto ved styreåra. Det er lite truleg at ein Rivedøl

som han Ingolf Arnason ville finne fram til Island om han ikkje

hadde folk med røynsle frå det å ferdast på havet til å føre seg.

Hadde Leiv Erikson hatt slike folk med seg hadde han kome fram

til Grønland slik som tenkt, men denne gongen var lukka betre

enn forstanden og han fann Vinland. Det gjorde til at Columbus

ikkje vart åleine om å oppdage den nye verda.

Columbus, var som alle veit, Nordfjording frå Hyen, og ville aldri

funne utlaupet av Nordfjorden om han ikkje hadde hatt med seg

folk frå kysten.

No skal ein ikkje her seie segn for sanning, men ogso ombord i

emigrantskuta Mayflower fanst ein mann frå øyane her. I alle

høve finnast det i dag ein by på prærien i USA som har namn

etter han. Alden City.

Det var røynslene til dei to trælane og etterkomarene deira, som

etter kvart la grunnlaget for det som skulle verte vår ære og vår

makt.Det har og lagt til rette for at Noreg i dag kan krevje

råderetten over store havområde som har gjort landet til ei

stormakt innan fiskeri og offshore.

Under siste krig var det ein del trafikk over Nordsjøen. Då folk

her var best på det å bu lengst vest, var det naturleg at ein del av

denne trafikken gjekk herifrå. Då fienden til sist vart jaga heim,

lova dei, å kome att. Det har dei gjort, men no har dei byta ut

geværet med fiskestang. Noko dei skulle ha gjort frå først av.

 

Er det i dag nokon grunn til å bu så langt vest?

Ein gamal mann frå Alden, vart på dødsleiet trøysta med at

han ville få det fint i himmelen.Det er så, svara han, men det

er no fint her og når sola skin.Når ikkje eingong paradiset

freistar, kvifor leite etter ein betre stad her på jorda.

 

Herre Kongeson: Når du ein gong sit som den første i kongens

Råd; Må du då og ha fått forstand til å forvalte arven etter

trælen Kark og trælkvinna Bråk. Må du styre slik at dei verdiar

som vert skapt på stader som øyane i Askvoll, når fram til store

og små utkantar og gjev framgang for heile landet.

At Kronprinsparet, ut frå sin posisjon får ei spanande framtid, det

er lett å spå. At De vil kome omkring til mange land og møte folk

både frå høg og låg er og lett å tenkje seg. Men om De ein gong

skulle trenge ein stad, der De kan finne ro til ettertanke, så hugs:

Det kan vere fint her og. I alle høve når sola skin.