Helsing frå Grendalaga i samband med utdeling av vakre vegars pris 23. sept.

 

No e Nordsjøporten kåra og har fått vakre vegars pris.

Den avgjerda var både klok og vis

Men som han sa, han so no ikkje eingong treng verte våt på ein vott:

Jau ditta va flott,

Men vi trong ikkje den lange tia,

vi har kåra vegen for lenge sia.

Den dagen første salva smalt, sat eg om bord i Alden og trudde knapt det var sant.

Havet var stort og vinden var salt

Trudde ikkje då at vi ein gong skulle feire vegen som vant.

So kom alle maskinene, og ei rue med arbeidskara

Og ska sei dei leverte vara.

Ferja Osterøy gjekk uansett ver,

med tonnevis av last, manøvrerte dei opp etter holmar og skjer.

Hanekamhaug og Vaksstad vart mest so innfødde å rekne.

Minna om tida før dei kom tok te å blekne.                                                                            

Dei havna dessverre  fort på kjøret,

Dei vart nemmele tidleg avnengige tå A/S Nikøy si vaffelrøre.

Vassbakk og Stol dei bora og sprengde,

vi hadde lyst på tur, men veien va stengde.                                                                                

Kruse betong,

dei støpte og blandemaskina song

Gravemaskiner som gjekk både te lands og te vanns,                                                      

tungtrafikk nesten meir enn det dei kommunale vegane kunne bere.

Da va ei heilt spesielle atmosfere,

Vi gledde oss mykje og gleda var stor

då ungdommen kunne stå i Myrevågen og rope øve inste Melversundet til ho mor.

So skulle den siste beten av Olsundbrua på plass, den i midten,

kranen kom og den fòr, den bala og kava,

da kunne ikkje vere so mykje so ei rukke på hava.

Men den kom på plass den siste beten og, den berre henge dar midt i Olsundet,

vi va i grunnen helt overgitt øve alt  so dei kunde.

So skulle veien opnast i desember 2003,

Ei stund trudde vi at sjølvaste kongen skulle vere med.

 va han Arild stressa og ga grei beskje .

Men so måtte han majestet melde pass

og då fekk vi atter grei melding om å vere på plass.

Nybøband spelte havet og ungane dansa i svart og blått,

skodda låg kald og tung , veret var vått.

Vegsjef Torp fekk gleda av å knyte dei to bygdene våre i lag,

for oss her ute var det den største dag.

”Han har no knytt båtsmannsknute før” kunne vi høyre.

”Nett so Opningssermonien på Lillehammer var det ein anna som sa”,

 då var nok Hanekamhaugen og alle  andre både letta og glad.

 Fylkesordførar Sandal klypte og ærklærte vegen for opna og klar

 og vi kunne køyre over det de nett no var i Trondheim for å kåre.

 Dei vakre veiene  og bruene våre.

 

So synst no vi her ute atte ting må henge i hope,

so då e da e ikkje meining i at folk må sitte nere i kjellarenFjalir å kope.

Til dei so har me slikt å gjere, la ikkje den vakre vegen slutte på ferjekaia,

den bør og vere vakker resten tå leia.

Så til statens vegvesen gratulerer med vakre vegars pris , den e vel fortjent,

veiprosjektet e nett so da meste her ute , ganske so pent.

Da e so kjekt når da ikkje vert forskjel

Helsing: Bulandet grendalag og Værlandet vel

 

 

Heidi Kjempenes