Dette vart fortalt til Kronprinsparet på Kjempenesbrua

 

Vi står no på Kjempenesbrua den kom i 1988 , dei fleste husa på øya Kjempeneset er bygde ( 15 hus ) etter 1990.

Herifrå ser de mesteparten av øyriket vårt som består av 365 øya holma og skjer, ca 20 er bebygde. Lengst vest ser de Sandøy , den vestlegaste bebudde øya i Noreg. I aust ser de Værlandet og øya Alden som er eit kjent landemerke

 

På 90-talet flytta mange heim. Også vi. Grunnen var at vi hadde små born og ynskte at dei skulle få vekse opp i eit trygt og godt miljø. Her ute er det heldigvis endå slik at vi passar på kvarandre sine ungar. Vi er med og støtter det som skjer i bygdene, anten inntekta går til indremisjonen eller ungdomslaget. Takhøgd og lagånd er grunnleggande og viktige begrep i bygda.

 

Vi er eit lite samfunn og folk utanfrå kan nok tenkje at vi må vere sneversynte og lite verdsvante. Men vi trur at ein på slike plassar har store muligheiter for å verte sosialt kompetente menneske, det er vanskeleg å gøyme seg vekk her ute. Det å vere einsam er ikkje geografisk betinga men ein tilstand som ein lettare kan oppleve på større plassar

Så om ikkje folketalet tel meir enn 500 så har vi eit internasjonalt miljø med 6 nasjonar. Vi er og ein del av ei forpliktande samarbeidsavtale med Skotland og Shetland og har knytt nære vennskapsband over Nordsjøen.

 

Ungane våre må flytte på hybel når dei er ferdige med 10 klasse. Det er ein stor overgang med nye skular og nytt miljø. Men det har gått bra med alle og kanskje vi som foreldre vert flinkare til å gje dei ansvar når vi veit at dei må flytte ut så tidleg?

Den største utfordringa vår er å få dei til å komme heim etter endt utdanning.

Då er viktig å gjere slike plassar attraktive også i næringssamanheng og det er ei oppgåve som treng både kreative og vågale krefter. Heldigvis så har vi mange som vågar å satse og skape arbeidsplassar for både seg sjølve og andre. Hovudnæringa er fiskeri, den skal de få høyre meir om seinare. De skal og få møte Landøy steinindustri som eksporterer stein til Italia. Hadde de hatt betre tid, skulle vi vist dykk meir av næringslivet, til dømes galleri, frisør, hestesenter, kafé og pub. Vi har skule med rundt 80 elevar, 2 barnehagar, og ein butikk i kvar bygd. Vi satsar mykje på turisme og ser at dette er ei veksande næring. Dei siste åra har vi og blitt eit reisemål for padlarar frå heile verda. Vi prøver likevel å ta vare på særpreget vårt og dei gode verdiane oppi den kommersialiserte turismen.

 

Vi liker å kalle oss for kjerringa mot straumen Vi er stolte og til tider uredde og vi har problem med å ta nei for eit nei. Det har og ført til at vi har fått til mykje i bygda. Det må og seiast, at det som for mange er ein sjølvsagt ting er for oss kampsaker. Det vere seg brannvern, veglys, ferjetrafikk med meir. Endå til kyrkja vår eig vi sjølve. Men vi har eit godt samarbeid med både fylket og kommunen og er audmjuke i forhold til ein del av den satsinga som har vore gjort her ute dei siste åra. I 2003 fekk vi veg og bruer mellom dei to øysamfunna våre og vegen er ein turistattraksjon i seg sjølv.

Vi kom nærmare fastlandet og med gode kommunikasjonar er det ikkje lange avstandar viss ein ynskjer å oppleve litt byliv.

 

Visst de framleis lurer på kvifor vi ynskjer å bu her ute på desse forblåste øyane, så svarar vi at her ute kan alle med pågangsmot vere med å skape sin eigen kvardag og si eiga framtid.

 

Heidi og Anne Britt