Kronprinsparet i Bulandet
05.09.06
Det er ei stor glede og ære
for meg å kunne ønskje vårt høgvyrde og kjære kronprinspar velkommen til Sogn
og Fjordane og til Askvoll kommune.
Likeeins ønskjer eg
fylkesmann, politimeister, representantar frå Slottet og alle andre velkommen.
Askvoll er distriktskommunen
som ikkje har mist motet sjølv om utfordringane er store.
Vi kjenner det godt og trygt
å bu her og vi vonar at det skal vere slik i framtida og.
Men det handlar om mot til å
ta fatt sjølv.
Vi har framtidstru og vilje
til å ta fatt.
Under ein høg himmel og
flytande på havet ligg Bulandet og Værlandet.
Gnistrande stjernehimmel,
raud kveldsol over blomstrande scillaverna, milde sommarvindar eller rasande
storm.
Dette nære samlivet med
naturen og elementa har forma folket her.
Dei er stolte og rakrygga med
ein stor kjærleik til heimstaden sin.
Dei er opne, rause og
gjestfrie med slåande replikkar og særeigen humor.
Her har dei funne leveveg og
innkome av det havet har gitt dei.
Men dei har måtta lære seg å
leve med det havet har tatt frå dei.
To livskraftige samfunn med
initiativ og kreativitet til å skape nytt.
Det garanterer for at desse
bygdene er liv laga.
De kjem hit for å møte oss og
vi gler oss over å få møte dykk.
Når de reiser vidare, har de
berre sett ein liten flik av mangfaldet og øyriket.
Likevel vonar eg de kan ta
med dette som eit godt minne.
Vi er utruleg glade og stolte
over at de valde å leggje turen til Askvoll.
Vi tek i mot dykk med
kjærleik og varme,
og eg er viss på de kjenner
kjærleiken og varmen støyme dykk i møte.
Ver hjarteleg velkomne til
oss.