Møtereferat frå Bulandet Grendalag  29.01.06


Møtestad: Stua til Anne Britt Sandøy m/ servering av kaffe, kaker, fruktsalat og andre godsaker.

Deltakarar: Heidi Kjempenes,  Kurt Rutledal, Anne Britt Sandøy, Reidun Melvær, Frida Melvær, Jardar Melvær, Per Arild Tysse, Frank Hatlø, Eva Solum,

 

Sak 1: Nordsjøporthelga/ Skottlandssamarbeid.

 Nordsjøporthelga vert i perioden 30. juni – 2. juli.

Frida og Anne Britt har ansvar for Bulandsdelen.  Værlandet har fredag Pubkveld og marknad. Bulandet kjem inn på lørdag ettermiddag. Ungdomslaget har dans på lørdag + familedans. Programmet ellers finn ein her på heimesida.
Ein god del Skotter kjem, og eit skuleskip  ”Swan” frå Shetland.
Temaparken åpen. Åpen kafe og butikk på søndag.

Søndag utegudstjeneste ved kirka vist pent veir (11:00). Ellers kansje opptreden av skotter og lokal dansegruppe. Aktiviterer for barn. Planlegging pågår.

Skal forhøyre seg med Fjord om muligheiter for ekstraturer, eventuelt ei anna ferje.

 

Sak 2: Sandøyprosjektet.

Miljøvernministeren har sagt endelig nei, så denne saka er ferdig slik som det var planlagt i utgangspunktet.

 

Sak 3: Rutestruktur.

Det er vedteke å ikkje bygge kai i Alden. Grendalaget sendte skriv om dette, og med spørsmål om kva planer dei har for Alden. Det blir ikkje kai, det er alt ein veit. Tidligekspress til Bergen blir det heller ikkje noko av. Det skal innsparast mykje på bil,båt og gods så vi får sjå korleis det går. Grendalaget fyljer opp saka. I rutemøta i da siste so er da berre kommunen som får delta, Grendalaga må gi innspel til kommunen. Heidi kjemper med å fylgje opp alt som har med ruter å gjere..

 

Sak 4: Bålbrenning på Fiskeindustrikaia.

Er ikkje ein offentlig bossplass. Mykje boss blir kasta her og brent. Røyken er til sjenanse for naboane. Ein må ta hensyn til vindretning ved brenning. Defekte elektriske dibbedutter kan leverast vederlagsfritt til Askvoll Elektriske på Askvoll, når ein kjøper elektriske dibbedutter så er vistnok vrakpant inkludert i prisen.

 

Sak 5:   Rakettoppskyting på Kjempenesbrua ved nyttår.
Det har vært ein del halvveis og til dels heilt vetlause oppskytinger av raketter frå Kjempenesbrua på nyttårsafta. Da er vel meir flaks enn forstand som har gjordt at ingen har skada seg, eller at ingenting har blitt satt fyr på hittil. Kansje ein skulle få til ei felles oppskyting på ein fast ufarleg plass, med nokre stødige oppskytarar. Skal prøve å invitere til felles oppskyting til kommande nyttår.

 

Sak 6: Lydanlegg.
Lydanlegg kjøpt inn. Bør bli oppbevart på skulen, skal sjå om ein finn ein høvelig plass å plassere det.. Lydanlegget er testa og da kom lyd utav det . Anlegget kan leigast eller det lånast ut vederlagsfritt til veldedige organisasjoner. Utleige må skrive standarkontrakt. 300,- pr. døgn.

 

Sak 7: Heimesida ( Sponsormidlar)
3000 frå Kultur og Næring til kulturdelen av heimesida. Bedrifter og privatpersonar har begynt å sponse heimesida og. Heimesida har fått eit eige kontonummer, og vil føre eige regnskap.

 

Sak 8: Årsmøte / Valg

Årsmøte skal være 18.mars. Kl. 16:00
Årsmelding må skrivast og sendast til banken og Kultur og Næringskontor.

Saker på Årsmøte:

Må prøve å få ferjene som riksvegferjer.
Info Nordsjøporthelga

Valg

Kurt og Heidi lager saksliste til årsmøte

 

Sak 9: Rekneskap
Ein del utgifter i løpet av året. Lydanlegg, Nordsjøporthelga.

Vel 7 tusen på konto ved nyttår. Ca. 10 tusen no.

Veglyslån blei nedbetalt i fjor og 20 tusen overført til veglyskonto for nye veglys.
Burde være lys ved endestasjonen for buss.

 

Sak 10: Eventuelt
Skulevei. Frå svingen ved Bjørn Rogne  til Vadøy er det veldigt smal og uoversiktlig veg. Her må veien utbedrast. Skal sjå om det finnest midler til dette.
Det ligg nokre gamle trebåter i Bakerfjæra og råtner. Ein skal forhøyre seg om kven som eig dei. Båtane har sikkert kulturhistorisk verdi og skulle vært teken vare på.