Møtereferat frå Bulandet Grendalag  28.08.06

 

Møtestad: Skulen i Bulandet.

Deltakarar: Heidi Kjempenes,  Kurt Rutledal, Anne Britt Sandøy, Jardar Melvær, Per Arild Tysse, Frank Hatlø, Eva Solum, Randi Fedøy og Arne Fdeøy

 

Sak 1: Det kongelige besøk.

Pressemelding ute om saka er lagt ut på fylkesmannen sine sider.

Vi må rydde langs moloen og langs vegen dei kongelige skal gå, denne oppgava har Grendalaget fått. Dei kongelege kjem klokka 11:00 den 5. september. Butikken og vegar vil bli stengde.

Da er ynskelig at flest mogeligt båter ligg rundt omkring og pyntar opp, men det er ikkje nokon tvang. Alt er litt avhengig av vær og vind. Program vil komme opp på butikken når da nærma seg.
Berre NRK frå pressa kjem kvelden før, resten av pressa føl båten dei kongelege kjem med.

 

Sak 2: Ferjematriell – ruter..

Fjalir har komt og vert nok ei stund. Vorland har kalt inn til møte om saka med ulike partar, so saka er ikkje lagt helt dau. Da vi ynskjer er ei ferje som er overbygd, og har fasilitetar som er ein turistattraksjon verdig. Ferjestrekninga skal seinare ut på anbod, men Grendalahget har ikkje fått vite når ditta skal skje.

 

Sak 3: Brannvern – Frank orienterer.

Ei ny pumpe er innkjøpt og står på Askvoll, den skal ut hit. Men da er uklart kor. Vi må ha pumpe både på Værlandet og i Bulandet og operativ brannvern men faste øvingar. Vatnet forsvinn når straumen forsvinn. Vi må ha mobil pumpe og straumaggregat som kan levere både vatn og lys. Ved siste brann kom mannskapa frå Askvoll so fort dei kunne, men da gjekk alikevel øve halvanna time før dei var på staden. Så det seier seg sjølv at at vi må være sjølvhjelpte her ute i dei fyrste kritiske minutta itte ein brann er oppdaga.
Ein skal ringe 110 fyrst, så kaller dei inn branngruppa. Så må ein la jungeltelegrafen gå for å samle meir hjelp. Da var slik da fungerte under siste brann i Halsøyna, og da var takka være rask varsling og iherdig innsats frå lokalebefolkninga som gjorde at huset ikkje brann ned.
Frank samlar inn informasjon og skal sende brev til kommunen angåande brannberedskapen her ute.
Temapark og ungdomshus bør har direkte brannmelding mot Florø.

Grendalaget vil arbeide vidare med denne saka.

 

Sak 4: Skal vi ha faste møter / orienteringar ?

Skrivaren skal lage mail-liste for alle medlemmane i Grendalaget og skriv sendast ut minst ein gong i månaden over kva som førgår. Formanna Heidi skriv ein liten epistel og skrivaren distribuerar so godt som han kan.

 

Sak 5: Skottlands samarbeid.
Anne Britt frå Bulandet, Linda og Gry frå Værlandet og Per Arne Tveit skal til Skottland 24. september saman med ein heil delegasjon. Turen gjeld utveksling av idear, turisme og diverse. Seinare kjem Skottar på besøk attende til oss.

 

Sak 6: Eventuelt
Drosjer. Bulandet Grendalag og Værlandet Vel skal pratast om vi skal gjere  noko felles framstøt for å få eit drosjeløyve her ute.