Møtereferat frå Bulandet Grendalag  18.03.06

 

Møtestad: Ungdomshuset

Deltakarar: Heidi Kjempenes,  Kurt Rutledal, Anne Britt Sandøy, Frida Melvær, Jardar Melvær, Per Arild Tysse, Eva Solum, Arne Fedøy.

 

Sak 1: Innpel til rutetider.

Per Arild, Reidun pluss to frå grendalaget i gruppa frå Bulandet.
Heidi og Anne Britt er med frå grendalaget, Arne er varamann.

Gunnlaug skal og spørjast om ho vil være med i gruppa frå Bulandet.

Like mange med frå Værlandet. Ruta skal ut på anbud, men ingen veit kor tid enno.
Må og prøve å få ferja til å bli riksvegsamband, vil være ein stor fordel med hensyn på avganger.
Godsrutebåten går ikkje til Bulandet lenger.

Sak 2: Nordsjøporthelga.
 Frida orienterer. 30. juni -3. juli. 35 stands er klar. Muligens kjem 4 redningsskjøyter. ”Swan” skuleskip frå Shetland. Familie- og vanleg dans. Arbeider med å få tak i eit stort telt. Gudstjeneste på søndag. Hesteskyss mellom butikken og Temaparken. Kulturarrangement med lokale folk og folk frå Shetland/Skottland.

Det skal lagast ein eigen knapp for Nordsjøporthelga på heimesida.

 

Sak 3: Lydanlegg.

Kan leigast til private for kr, 300,- pr. døgn. Organisasjonar får låne anlegget vederlagsfritt. Skal lånast ut til Værlandet ved Nordsjøporthelga.

 

Sak 4: Rydding i fjæra til 17.mai.
Grendalaget skal organisere rydding.
18. april kjem det miljøvernfolk, og 20. april miljøvernminister.

Strandsonesaka skal ein prøve å ta opp med ministeren.

Sak 5: Skottlandsammarbeid.

Arbeid med samarbeid pågår. Skotter kjem til Nordsjøporthelga.
Heidi skal bort i april.

 

Sak 6: Bussen vs. passasjerer.

Bussen mangler passasjerer, folk må oppfordrast til å ta bussen ellers kan vi miste ruter.

 

Sak 7: Reguleringsplan.

Kommunen skal lage ny reguleringsplan, Heidi informerte om dette. Vi må komme med innspel, det vert og  folkemøte der befolkningen kan komme med innspel.. Viktig at det blir noko vi kan leve med. Planprogrammet ligg på butikken eller den finnast på www.hafs.no.

 

Sak 8: Opprop frå Fjalir kommune.

Miljøverndeparatementet vil ta frå kommunane mogeligheit til å gje dispensajoner frå strandlova. Dette liker vi ikkje, og Bulandet Grendalag vil støtte oppropet.