Program og praktiske opplysningar for kronprinsparet si vitjing i Bulandet 5. september 2006

11.00 Kronprinsparet kjem til Bulandet.

Ordførar Aud Kari Steinsland tek mot kronprinsparet på Nikøykaien.

Blomsteroverrekking v/ Peter Nybø og Lea Nordheim

11.10 Ordføraren går saman med kronprinsparet mot kapellet.

Stans på Kjempenesbrua der Heidi Kjempenes og Anne Britt Sandøy fortel om Bulandet . Båtar av ulike slag ligg i sundet.

Eit følgje havkajakkar kjem inn sundet fra sør. Barnehagane står ved bruenden mot vest.

11.30 Program ved kapellet.

"Havet"

Nybø Band spelar medan Kronprinsparet med følgje går vegen ned til kapellet og tek plass.

Velkomsthelsing

v/ ordførar Aud Kari Steinsland

 "Øyarikets vals"

Korps:                   Musikarar frå Askvoll og øyane
Trekkspel :            Andreas Ramstad
Solist:                    Bård Leite

Kor :                     Bulandet Skule

Musikalsk leiar:      Sveinung Fristad

Publikum blir oppmoda til å synge med på siste verset.

Prolog
 
v/Jardar Melvær

"Morgon på Kobbeskjeret"
Bulandet skule

Trekkspel Andreas Ramstad

Helsingstale
 
v/ Kronprinsessa

Programleiar: Heidi Furevikstrand.

11.50 Kronprinsparet helsar på:

Anbjørg Halsøy
Jostein Sandøy
Klara Nybø
Per Nybø

12.00 Besøk i Bulandet Kapell.

Sokneprest Stein Hugo Fykse fortel om kapellet

12.05 Kronprinsparet med følgje går ombord i ambulansebåten som fører dei attende til Nikøykaia

12.20 Orienteringar om næringslivet:

Fiskerinæreringa  v/ Tore Hillersøy
Landøy Steinindustri v/ Jermund Landøy

12.30 Kronprinsparet forlet Bulandet og ordførar Aud Kari Steinsland takkar for besøket.

-----------------------------------------------------------------

Praktiske opplysningar:

Butikken er stengt mellom 10.00 og 13.00

Området kring butikken og til kapellet er stengt for biltrafikk mellom 10.00- 13.00

Parkering ved skulen eller temaparken eller ved fiskeindustrien ( før 10.00)

Publikum kan stå langs vegen fra sørvisbygget på kaia og opp til brua.

Brua er stengd for publikum medan kronprinsparet oppheld seg der.

Ved kapellet vert det sett ut stolar og benker for eldre og dei som treng sitje.

Når kronprinsparet har forlete kaia ved kapellet, kan publikum ga til Nikøykaia og kaia ved fiskeindustrien for å vinke farvel.

Publikum må følgje politiet sine anvisningar.

Etter at kronprinsparet har forlete Bulandet vert det ein enkel folkefest . Korpset og Nybø Band vil spele. Gratis is og brus til borna

Det vert høve til å kjøpe mat i Fiskarheimen.