Årsmøte i  Bulandet Grendalag  18.03.06

 

Møtestad: Ungdomshuset i Bulandet

Deltakarar: Heidi Kjempenes,  Kurt Rutledal, Anne Britt Sandøy, Frida Melvær, Jardar Melvær, Per Arild Tysse, Eva Solum og Arne Fedøy frå styret i grendalaget.
14 oppmøtte utenom styret.

 

Åpning av møte.
Heidi åpna møter med å presentere det nye lydanlegget som grendalaget har kjøpt. Lydanlegget virka fint da, og alle høyrde Heidi både klart og tydeligt. Lydanlegget kan lånast gratis av organisasjoner . Kan og leigast ut til private for kr, 300,- pr. døgn.

 

Årsmelding.
Kurt leste opp årsmeldinga for 2005. Alle syntes at det hørtes lurt ut det som stod der.

 

Regnskap.

Anne-Britt gjekk gjennom regnskapet..

Overskudd på 7603,-.

Lydanlegg totalpris: 32180,-

Heimesideregnskap vert frå no av ført for seg sjøl
Eigen konto for veglys i tillegg, denne er på 20000,-

 

Saker.

Heidi fortel om ruter. Det skal ut på anbud ein gong, men ingen veit når.

Ny ferje på gang, Fjalir. Det er ei ferje vi ikkje ynskjer, då den ikkje har salong oppe.

Vi skal få være med i utarbeidelsen av anbud, heiter det seg.
Heidi har vært på samferdelsmøte og ho orienterte om kva ho har fått høyrt der. Det er bevilga 500 tusen til rute i Alden og Sandøy. Tilbudet i dag koster 800 tusen, så her er det eit eller anna som blir endra.

Anløpkai i Alden vert ikkje noko av.

Godsruta med båt forsvinn i Bulandet/Værlandet men vert oppretthaldt i Solund.

Nedgang på trafikkantar i fjor på 2 %, i forhold til året før. Det dårlige sommerværet han nok skuld i ein del av det.

Grendalaget oppfordrer folk til å bruke bussen og ikkje kjøyre sjølv, slik at ein ikkje mister ruter.

 

Nordsjøporthelga. Frida informerer. Nesten alt klart.  Seansen vert utført 30. juni -3. juli. 35 stands er klar. Muligens kjem 4 redningsskjøyter. ”Swan” skuleskip frå Shetland. Familie- og vanleg dans. Arbeider med å få tak i eit stort telt. Gudstjeneste på søndag. Hesteskyss mellom butikken og Temaparken. Kulturarrangement med lokale folk og folk frå Shetland/Skottland.

Det skal lagast ein eigen knapp for Nordsjøporthelga på heimesida.

 

Opprop frå Fjalir kommune. Miljøverndeparatementet vil ta frå kommunane mogeligheit til å gje dispensajoner frå strandlova. Dette liker vi ikkje, og Bulandet Grendalag vil støtte oppropet.

 

Kommunen skal lage ny reguleringsplan, Heidi informerte om dette. Vi må komme med innspel, det vert og  folkemøte der befolkningen kan komme med innspel.. Viktig at det blir noko vi kan leve med. Planprogrammet ligg på butikken eller den finnast på www.hafs.no.

 

Rydding i fjæra. Må rydde før 18.april, då kjem da miljøfolk. Ein diskuterte om ein egentlig skulle rydde, slik at miljøfolka ser korleis det er til vanligt. Ryddinga vart bestemt skulle utsettast til rett før 17.mai. 20.april kjem miljøvernministeren på vitjing til Bulandet og Værlandet..

 

Soknerådet har utviding av gravplassen som 1. prioritet. Pengane er i kirkerådet, det er berre utførelsen som gjenstår. Skal ta det opp i kommunen.

 

Eventuelt.
Brannbil er savna. Plasseringa må ein bli einig om, grendalaga må jobbe med saka. Branngruppa har ikke øvelse eller noko slag. Frank Hatlø jobber med saka.

Hjartestartergruppa har jevne øvelser.

 

Valg:
Ruth informerte.

Frank Hatlø har sagt seg villig til å bli fast medlem, for ho Frida.

Ny varamann Anita Rogne. Valkommiteen var so nøgde med valgresultata at dei like godt valgde seg sjølv på nytt.

 

Konstituering.

Etter årsmøtet konstituerte styret seg.
Heidi fortset som leiar. Heidi foreslo Anne Britt som nestleiar.

Etter nokre få sukk og stønn so sa ho Anne Britt seg einig i da, men ho må ta nokre forbehold når kallen er ute på havet.