Årsmelding 2005 for
Bulandet Grendalag
I året 2005 hadde grendalaget 5 styremøter, derav 3 møter saman med Værlandet Vel.
I tillegg hadde ein 1 årsmøte.
Styret er som fylgjer:
Leiar: Heidi
Kjempenes
Nestleiar: Frida
Melvær
Styremedlemar: Anne Britt Sandøy
Randi Fedøy (
Permisjon)
Eva Solum for Randi
Kommuner repr.: Arne Fedøy
Vara kommune repr.: Reidun Melvær
Vara styremedl.: Per
Arild Tysse
Frank
Hatlø
Jardar Melvær
Kasserar: Anne Britt Sandøy ( og styremedlem)
Skrivar: Kurt Rutledal
Valkomite: Ruth Sandøy
Bente Sandøy
Arild Rogne
Revisorar: Irene Tysse
Pippi Rogne
Saker som har vore handsama dette året:
1. Rutetider: Det er vedteke å ikkje bygge kai i Alden. Grendalaget sendte skriv om dette, og med spørsmål om kva planer dei har for Alden. Det blir ikkje kai, det er alt ein veit. Tidligekspress til Bergen blir det heller ikkje noko av. Det skal innsparast mykje på bil,båt og gods så vi får sjå korleis det går. Grendalaget fyljer opp saka. I rutemøta i da siste so er da berre kommunen som får delta, Grendalaga må gi innspel til kommunen. Heidi kjemper med å fylgje opp alt som har med ruter å gjere..
Vi er og oppteken av å ha ei rask ferje med salong oppe. Salong oppe er spesielt viktig i turistsesongen.
2. Nordsjøportfestival: 1. Helga i juli blir det arrangert festival igjen, Bulandet Grendalag saman med Værlandet Vel . Denne gongen blir arrangemanga i Værlandet og Bulandet byta om i forhold til kva det var i fjor. Det vert eit sånt byte annakvart år framover.
3. Fylkesprisen for iderike bygdesamfunn: Det er kjøpt mobilt høytalaranlegg for pengane ein fekk for prisen. Lydanlegget kan brukast vederlagsfritt av lag og organisasjoner i Bulandet. Private kan og låne anlegget mot ein sum på 300,- kr. Døgnet.
4. Heimeside: Heimesida lever i beste velgåande enno, og har eit besøk på mellom 50 til 100 personar kvart døgn. Heimesida skal nyttast til å presentere næringsliv, kultur, foreningar, historie og ellers alt som har med øysamfunna å gjere. Sida er tenkt å kunne nyttast av både turistar og lokalbefolkning, den er lagt opp til at alle skal kunne ha glede av den. Det har komt fleire sponsorar, både frå næringsliv og private. Førsteprioritet er å kjøpe ein god lydopptakar til å ta opp injervu av folk. Så vert da å snuse i gamle fotoalbum og ta opp kva slags motiv som er på bilda, så vert bilda lagt ut på
nett. Her er da eit prosjekt på gang frå
Fylkeskommunen og.
Lagringsplass er utvida, så den går ikkje full med det første.
6. Gravplassen Grendalaget har engasjert seg med skriv til soknerådet for å få utvidet gravplassen.
7. Kulturpris Grendalaget har innstilt Jardar Melvær og Asgeir Torvanger til kulturprisen for 2005.
8. Veg: Grendalaget har saman med Værlandet Vel sendt skriv til Statens Vegvesen angåande skilting av fartsgrenser, fartsdumper og utbedring av farlig utkøyringar. Vi har og vore oppteken av korleis ein skal få utbedra og asfaltert vegar og uteområde til offentlege bygningar som ikkje kjem under vegnettet. Slik som kyrkje og skule.
9.
Internasjonalt samarbeid.
Det har vært kontakt og utveksling av ideer med
grendalag i Skottland og på Shetland. Dette samarbeidet kjem til å forsette i
2006.