Viktig informasjon til "Jonsok Cup" + kamptrekning.
Praktisk
informasjon:
· Inngangsbillett
kr. 20,- (både spelarar og publikum). Gratis for born under 6 år
· Trekning av
ei kake frå Naustdal dampbakeri på billetten, så ikkje kast den!
· Parkering i
enden av bana. Vegen opp til skulen vert stengd av praktiske årsaker.
· Vi set ut
ekstra benkar, men ta gjerne med eigne stolar.
· Sal av
pølse med brød, svele, kake, kaffi, brus og vatn.
· Toaletta og
garderobane på skulen står til disposisjon for alle!
· "Foto-shoot"
av kvart lag ved "Alla bua" ca. 10 min før kvar kamp. (Det blir også
annonsert av «spikerane» ;-)
· Møt opp i
god tid, vi startar presis klokka 15:00.
Lagoppstilling:
Slik det ser ut no,
blir det 11 lag i cupen. Vi har laga til fem innleiande kampar, der fem lag går
direkte vidare til kvartfinale.
To lag går også direkte
vidare på målforskjell (av dei tapande). Viss ikkje det er avgjerande, går dei
som har skåra flest mål vidare. Det tredje beste laget på målforskjell må spele
kvalifisering mot "Offshore and more" då desse melde seg på etter
fristen.
Då står vi igjen med 8
lag. Då blir det kvartfinaler, semifinaler og finale.
Dei to laga som ikkje
kjem vidare til kvartfinale skal spele om jumboplassen i kampen før finalen,
sånn at alle får spele minimum to kampar.
Lagoppstillinga er litt
usikkert pga pale-fiskeriet og dei laga dette gjeld, så det kan bli endringar.
Evt. nytt kamp-oppsett vert då kunngjort på lørdag.
Kampane
blir på 10 min. Er det uavgjort etter full tid, blir kampen avgjort på
«Golden
Goal» (dvs. første mål vinner) eller «Last Man Standing» ;-)
Kampane blir annonsert
og kommentert av Eivind og William frå "spikerbua".
Trekning:
Kamp 1: "Alfred
bamses klassekamerater"
- "Si i brekje"
Kamp 2:
"Manchester city"
- "Vestervon"
Kamp 3: "Fisk 1" - "Pastoren partsrederi AS"
Kamp 4: "Team Joker" - "Atle`s sjukaste babes"
Kamp 5: "Garnmonteringa" - "Fisk 2"
Kamp 6: nr 3 på målforskjell - "Offshore and more"
Kvartfinalane og
semifinalane blir trekt ut frå tidlegare kampar i cupen.
Det blir diplom og
premieutdeling etter finalekampen, med vandrepokal til beste lag og til det
laget som lagar mest/best show!
Er det meir dåke lurer
på, er det berre å ta kontakt med Eivind Norstrand på
mobil 47617198 eller tlf. 57732139.