Dersom straumen går i løpet av dagen:
Barnehagen held ope så lenge temperaturen er over 15 grader, og vi ser at vi klarer å halde det gåande. Vi har ikkje vatn når straumen er borte, så det er ikkje sikkert vi klarer å halde ope så lenge.
Dersom straumen går i løpet av natta/morgonen:
Tidlegvakta kjem til å møte opp for å sjekke temperaturen, dersom den er over 15 grader, held vi ope. Dersom temperaturen er under 15 grader, vil det bli hengt opp lapp på døra, og tidlegvakta går heim. Vi opnar ein time etter at straumen er kommen att, dersom straumen er tilbake innan kl 12:00.